
Spesialsjukepleiar og spesialvernepleiar til 100% fast stilling med langvakter
Helse Bergen HF
- Frist 24.02.2026
- Ansettelsesform Fast
Spesialsjukepleiar og spesialvernepleiar til 100% fast stilling med langvakter
Er du ein omsorgsperson som trivst med varierte oppgåver og tett kontakt med pasientar? Har du engasjement for menneske med komplekse behov og ønsker å bidra til auka meistring og livskvalitet?
Kompleks Rehabilitering Sandviken (KRS) har ledig ein 100% stilling for spesialsjukepleiar og ein 100% stilling for spesialvernepleiar. Turnus har langvakter à 12,5 time med arbeid kvar fjerde helg.
KRS er organisert under Avdeling for spesialisert psykosebehandling (ASP) i Psykiatrisk klinikk, og er ein lukka seksjon med 8 døgnplassar som gir eit tilbod til to ulike pasientgrupper. Seks av plassane er for personar med psykoseliding med kompliserande tilstandar som til dømes rus og personlegheitsforstyrringar, medan to plassar er for personar som har kombinasjon av psykose og psykisk utviklingshemming eller utviklingsforstyrring.
Seksjonen er ein del av det som i framtida skal inngå i Nye Sandviken, eit område under utvikling med mål om å tilby heilskaplege og langsiktige behandlingstilbod til pasientar med samansette behov. Spesialsjukepleiarar og spesialvernepleiarar har, saman med resten av personalgruppa, eit ansvar for å ivareta pasientar i komplekse rehabiliteringsforløp. Hos oss får du bruke kompetansen din i eit sterkt fagmiljø, der vi jobbar tett saman for å skape tryggleik og meistring. Tilsette med relevant klinisk master inngår per no i eit eige masternettverk i Psykiatrisk klinikk, ein arena for fagleg utvikling og deling.
Arbeidet i seksjonen er tverrfagleg, der teamet består av mellom anna psykiater, psykolog, sosionom, sjukepleiar, vernepleiar eller helsefagarbeidar. Fokus er på å byggje relasjonar som støttar ei trygg overgang til bustad, i samarbeid med innsøkande instansar og kommunale tenester. Miljøterapien inkluderer systematisk kartlegging og utvikling av ADL-ferdigheiter (aktivitetar i dagleglivet), stimulering av interesser, og bruk av sanserom for kjensleregulering. Som ein del av behandlingstilbodet tilbyr vi også musikkterapi, som ein metode for å støtte pasientane i uttrykk for kjensler, fremje sjølvkjensle og bidra til meistring i kvardagen.
Seksjonen legg òg stor vekt på fysisk helse, med tilgang til fysioterapeut og treningsfasilitetar som gymsal, treningsrom og treningspoliklinikk. Dette gir eit heilskapleg rehabiliteringstilbod, der både psykisk og fysisk helse står sentralt i behandlinga.
Verdiane våre er tryggleik, meistring, kvalitet og saman.
Arbeidsoppgåver
- Miljøterapeutisk arbeid/postmiljø
- Teamarbeid
- Observere og dokumentere symptom på psykisk liding
- Ansvarsvakt
- Administrere medisinsk behandling
- Bidra til å skape ei trygg postatmosfære med omsorg, støtte, struktur og gode grenser for kvar enkelt pasient
- Praktiske oppgåver
- Oppfølging av pasientar med fokus på aktivisering og daglege gjeremål
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar eller vernepleiar med relevant vidareutdanning innan psykisk helsearbeid
- Relevant erfaring med pasientgruppa
- Må meistre norsk munnleg og skriftleg særs godt
- Ved tiltredning må gyldig politiattest leggast fram
Personlege eigenskapar
- Løysingsorientert, sjølvstendig og målretta
- Strukturert
- Pasientorientert
- Ha respekt for kvar enkelt pasient og pårørande
- Ha evne til å arbeide tverrfagleg og i team
- Trivast i eit aktivt og travelt miljø
- Etterspør rettleiing
Vi tilbyr
- Å delta i eit spennande og fagleg miljø, der folk trivast på jobb
- Fadderordning
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
FerdigheterAI-generert
- Gjennomføre medisinsk behandlingsforløp
- Norsk
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
- Sektor: Offentlig
- Antall stillinger: 2
- Sted: Hatleveien 7D, 5038 Bergen
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Psykiatri, Sykepleier, Vernepleier/miljøterapeut
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
Sykepleier, Vernepleier, spesialsykepleier, Langvakter, spesialvernepleier
Annonseinformasjon
- FINN-kode 449356676
- Sist endret

