Gjenvinningsoperatør
Attvin Produksjon AS
- Frist Snarest
- Ansettelsesform Fast
Attvin søker Gjenvinningsoperatør
Trivst du med å arbeide med folk? Ønskjer du å få ein fot innafor i ein bransje det skjer mykje spennande i?
Gjenvinningsbransjen er meir attraktiv enn nokon gang og stadig fleire får augene opp for den høge grada av innovasjon og utvikling som skjer i denne næringa. No ønskjer vi fleire gode kollegaer på laget som kan bidra til å rettleie bebuarar i Ålesundregionen til å sortere avfallet riktig, og til at kundane våre har gode opplevingar med tenesten vi leverer.
Du vil arbeide i eit uformelt og dynamisk miljø, der hovudfokuset er å yte service til Attvin sine kundar.
Arbeidsoppgåver:
Di viktigaste oppgåve er å få avfall til riktig gjenvinning.
Mottak, sortering og emballering av farleg avfall
Håndtere avfallsfraksjonar til nedstrøm
Bidra til god kvalitet i produksjonslinjer
Delta i analysearbeid/plukkanalyser
Halde orden på miljøstasjonar
Rettleie innbyggjarar og besøkande på miljøstasjonar
Bidra til sortering og klassifisering av farleg avfall
Føre maskiner på ulike miljøstasjonar
Føre maskiner på ulike arbeidsområder på anlegget
Laste og losse vogntog med varer
Bidra til trygg og effektiv produksjon
Strategisk HMS i arbeidsoppgavene
Utføre ulike serviceoppgåver
Vi ønskjer at du har:
Førarkort i klasse B, BE
Førarkort M2, M4, T4
Gode språkkunnskapar (engelsk og norsk)
Fagbrev i gjenvinningsfaget, eller relevant kompetanse, kurs innan industrivern, HMS, førstehjelp eller liknande
Beherskar kontorprogram og IT-verktøy
Er du óg?
Serviceinnstilt og kommuniserer godt med kundar og kollegaer?
Interessert i å utvikle deg fagleg?
Ein god kollega som ser folka rundt deg?
Initiativrik og ein pådrivar?
Pliktoppfyllande og strukturert i arbeidet.
Då vil vi høyre frå deg.
Vi kan tilby:
God opplæring
Konkurransedyktige vilkår, deriblant gode forsikrings- og pensjonsordningar
Ordna arbeidsforhold og ein sikker jobb i ein framtidsretta bransje
Gode moglegheiter for vidareutdanning
Gode arbeidskollegaer og eit godt arbeidsmiljø
Høg grad av sjølvstende
Rom for personleg utvikling og påverknad i eigen arbeidskvardag
Oppmøtestad er i hovudsak Ålesund, Bingsa. Spørsmål kan rettast til Richard Flåte på tlf. 94 83 75 32 eller e-post Richard@attvin.no
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
Om arbeidsgiveren
Ansvar for lovpålagte tenester
Attvin har ansvaret for den lovpålagte innsamlinga og mottaket av husholdningsavfall.
Selskapet er eigd av Ålesund, Sula, Stranda, Fjord, Sykkylven, Giske, Haram og Vestnes kommune. Gjennom to dotterselskap leverer Attvin tenester knytt til lovpålagt hushaldsrenovasjon på vegne av eigarkommunene, og tenester knytt til næringsrenovasjon.
Attvin handterer avfallsinnsamling for over 100 000 innbyggarar i regionen, og har ansvaret for behandlinga av avfallet etter at det har blitt samla inn. I tillegg til innsamling av avfall driver Attvin 9 miljøstasjonar.
Den juridiske delen av Attvin som leverer den lovpålagte tenesta blir driven etter sjølvkostprinsippet, og får kun dekt sine faktiske kostnadar gjennom renovasjonsgebyret som alle huseigarar betaler. Vi tilstreber å levere best mogleg teneste for innbyggarane, til lågast mogleg pris.
- Sektor: Privat
- Sted: Alvikvegen 194, 6019 Ålesund
- Hjemmekontor: På kontoret
- Bransje: Drift og vedlikeholdstjenester, Miljøtjenester, Renovasjon og renhold
- Stillingsfunksjon: Driftsoperatør/vaktmester, Kundeservice, Produksjon
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
avfallshåndtering, farleg avfall, gjenvinningsoperatør, miljøstasjon, produksjonslinjer
(1/10)
Annonseinformasjon
- FINN-kode 449341418
- Sist endret


