Avdelingssjukepleiar, i inntil 100% fast st. (minimum 80%)
Gulen kommune
- Frist 24.2.2026
- Ansettelsesform Fast
Om stillinga
Arbeidsoppgåver
Kvalifikasjonskrav
Personlege eigenskapar
Anna
Gulen kommune har ledig i inntil 100% fast stilling som avdelingssjukepleiar ved sone Brekke, Byrknes og Dalsøyra (Sone BBD), frå etter avtale/snarleg. Stillinga er for tida knytt til avdeling Dalsøyra. I stillinga vil ein samarbeide tett med øvrige avdelingssjukepleiarar, samt bidra i andre avdelingar ved behov.
I stillinga som avdelingssjukepleiar er det både administrative oppgåver og oppgåver knytt til pleie og stell av pasientar. Stillinga går i turnus med arbeid kvar 3.helg, men langvakter kvar fjerde helg kan vurderast. I vekedagane har ein kombinasjon av langvakter og kortvakter.
Kommunen har, for tida, ekstra løn for kvalifisert tilsett ved arbeid i turnus, samt ekstra tillegg på helg.
Arbeidsoppgåver
- Sjukepleiefagleg ansvar
- Pasientretta oppgåver
- Sikre at drift er i tråd med gjeldande lover, føresegn, prosedyrar og definerte mål
- Samarbeide med einingsleiar om gode tenester i heile sona
- Samarbeid med andre faggrupper, 2. linjeteneste m.fl.
- Støtte, rettleie og følge opp medarbeidarane (inkl. medarbeidarsamtalar)
- Utføre ulike kartleggingar, medverke til utarbeiding av rutiner, vere pådrivar for fagleg utvikling i avdelinga, delta på faste møter både internt i sona og på tvers av einingane osb.
- Andre oppgåver som måtte kome til
Kvalifikasjonskrav
- Autorisasjon som sjukepleiar
- Gode norskkunnskapar - både munnleg og skriftleg
- Førarkort klasse B
- Gode digitale ferdigheiter
- Ved tilsetjing krev ein politiattest
Personlege eigenskapar
- Ha god relasjonskompetanse og kommuniserer/samhandlar godt med brukarar/pårørande og kollegaer
- Vert motivert av å yte gode tenester til brukarane, og kan vere med å gje dei ein stabil og god kvardag
- Du er oppteken av fagleg kompetanse og bidrar til andre og eiga utvikling
- Tar initiativ, er strukturert, fleksibel, påliteleg og har gode samarbeidsevner
- Bidra til eit godt arbeidsmiljø
- Å vere personleg eigna kan verte vektlagt ved tilsetjing
Anna
- Tenestespråket i Gulen kommune er nynorsk
- Tilsetjing etter gjeldande lover, føresegner og avtalar
- For tilsetjing innan pleie og omsorg, Miljøtenesta, i skule og i barnehage, vert det stilt krav om politiattest
- Vi gjer merksam på at søkjarlister med namn, kjønn, alder og noverande stilling er offentleg informasjon. Dersom søkjarar likevel ber om konfidensiell handsaming, og grunnen for å unnta offentleggjering ikkje vert godkjent, får søkjaren høve til å trekke søknaden sin
Annonseinformasjon
- FINN-kode 449338690
- Sist endret
