100% fast stilling sjukepleier eller vernepleier med vidareutdanning i rus og psykisk helse.
Vågå Kommune
- Frist 1.3.2026
- Ansettelsesform Fast
Om oss:
Vågå kommune jobbar aktivt for å oppfylle dei nasjonale måla i Opptrappingsplanen for psykisk helse (2023--2033). Vi skal bidra til at fleire opplever god psykisk helse og livskvalitet, og at innbyggjarane får lett og likeverdig tilgang til hjelp. Arbeidet vårt er forankra i tre hovudområde:
-
helsefremjande og førebyggande psykisk helsearbeid
-
gode og tilgjengelege tenester der folk bur
-
styrkt tilbod til personar med langvarige og samansette behov
Vi legg stor vekt på brukarmedverknad, heilskaplege tenester og tverrfagleg samarbeid. Framover vil vi fortsette arbeidet med å utvikle det regionale samarbeidet innan rus og psykisk helse, og vi vil aktivt ta i bruk kunnskapsbaserte digitale verktøy i våre tilbod. Hos oss blir du ein del av eit fagmiljø som set meistring, livskvalitet og inkludering i sentrum.
Ein av våre dyktige medarbeidarar går av med pensjon til våren, og vi søkjer etter ein ny kollega i god tid for å sikre ei grundig innføring i stillinga. Vi er eit engasjert kollegium med variert bakgrunn og utdanning, som jobbar med menneske som har utfordringar knytt til rus, psykisk helse og/eller livsmeistring.
Arbeidsoppgåver:
-
Heilskapleg oppfølging av pasientar med psykiske helseutfordringar og/eller rusutfordringar
-
Kartlegging
-
Behandling i tråd med oppgåvene til 1. linetenesta
-
Utarbeiding og oppfølging av individuelle behandlingsplanar
-
Tverrfagleg samarbeid med fastlege, heimeteneste, NAV og eksterne aktørar som t.d. DPS
-
Rettleiing og støtte til pasientar og pårørande
-
Deltaking i gruppetilbod som tur og trening, samt bidra i drift og utvikling av tenesta sitt dagsenter <>
-
Deltaking og oppgåver knytt til kommunens psykososiale kriseteam
Kvalifikasjonar:
-
Autorisasjon som sjukepleiar eller vernepleiar
-
Vidareutdanning i rus og psykisk helsearbeid
-
Erfaring frå arbeid med rus og psykisk helse er ein fordel
-
Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
-
Evne til å arbeide sjølvstendig og strukturert
Eigenskapar:
-
Fagleg dyktig og engasjert
-
Evne til å vise omsorg og bry deg om andre menneskjer
-
Flink til å lytte og formidle kunnskap på en god og forståeleg måte
-
Fleksibel, nytenkande og løysningsorientering
Personleg eignaheit vektleggast. Aktuelle kandidatar blir invitert til intervju.
Vi tilbyr:
-
Eit spennande og meiningsfylt arbeid i eit triveleg miljø
-
Stor grad av tverrfagleg samarbeid
-
Gode rammer for fagleg utvikling og kompetanseheving
-
Gode pensjons- og forsikringsordningar
-
Løn etter gjeldande tariffavtale
Vågå kommune kan vera behjelpeleg med å skaffe bolig.
Søknadsfrist: 01.03.2026
Søknader vil bli fortløpande vurdert.
Annonseinformasjon
- FINN-kode 449317481
- Sist endret