Sjukepleiar/Vernepleiar Oreteigen
Bu- og omsorgstenesta, Gloppen kommune
- Frist 24.2.2026
- Ansettelsesform Fast
Vi har ledig ei 100 % fast stilling for sjukepleiar eller vernepleiar i turnus, på avd. Oreteigen😊
Vaktene er fordelt på dag, kveld og ca. 3. kvar helg.
Oreteigen er ei bueining med 28 omsorgsbustader med heildøgnsbemanning,
Vi har eit godt fagmiljø med engasjerte og dyktige sjukepleiarar, helsefagarbeidarar og assistentar. Vi har pasientar med mange diagnoser og komplekse sjukdomsforløp, som set krav til god tverrfagleg kompetanse og høg kvalitet i arbeidet vårt.
Våre verdier er: Respekt, Kunnskap og Omsorg
Arbeidsoppgåver
- Utføre heilhetleg og personorientert pleie og omsorg til pasientane.
- Gje individuell tilpassa teneste til pasienten i samhandling med resten av personalgruppa
- Ha fokus på fagleg utvikling og kompetanse.
- Opplæringsansvar overfor medarbeidarar / studentar
- Samarbeid med pårørande
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar/vernepleiar
- Beherske norsk skriftleg og muntleg
- Har god og generell IKT- kunnskap og kan tileigne deg fagsystem som blir brukt i kommunen
Personlege eigenskapar
- Ein trygg og stabil medarbeidar, med sunne verdiar og haldningar
- Er ansvarsbevisst, lojal og fleksibel
- Ser sjukepleiar-/vernepleiarrolla i samspel med andre kollegaer i avdelinga og er trygg i ansvarsrolla for pasientane.
- Har gode kommunikasjonsferdigheiter og er løysningorientert
- Trives med endringar og nytenking
- Gode samarbeidsevne og evne til å arbeide sjølvtendig, strukturert og målretta i ein hektisk kvardag
Vi tilbyr
- Fagutvikling gjennom e-kurs og liknande.
- Gode kollegaer og godt arbeidsmiljø.
- Tilsetting, lønn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lovverk, reglement og tariffavtale. For nytilsetting i kommunen er det innført eit rekrutteringsstillegg for turnusstillingar.
For tilsetting gjeld ei prøvetid på seks månader
Det må leverast tilfredsstillande politiattest før tiltreding
Kontaktinformasjon
Eva Kristin Rønnekleiv, Avdelingsleiar Oreteigen, 917 32 527Eva Skrivervik-Alme, Tenesteleiar Bu- og omsorgstenesta, +47 48894818
Arbeidsstad
Grandavegen6823 Sandane
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Gloppen kommuneReferansenr.: 5068184542
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 24.02.2026
Annonseinformasjon
- FINN-kode 449220418
- Sist endret