Helsesekretær/sekretær - vikariat
Serviceseksjon Psykisk helsevern, Helse Førde
- Frist 15.2.2026
- Ansettelsesform Vikariat
Serviceseksjonen Psykisk helsevern har ledig vikariat i 70 % stilling for helsesekretær/sekretær. Arbeidsstad er Indre Sogn Psykiatrisenter.
Seksjonen høyrer til Psykisk helsevern i Helse Førde. Seksjonen har ansvar for merkantile tenester, mottak av besøkande, telefoni, sakshandsaming og kvalitetsarbeid.
Det er totalt 17 tilsette fordelt på kontorstadane Nordfjordeid, Florø, Førde og Sogndal.
Arbeidsoppgåver
- Resepsjon
- Telefoni og kontaktsenter
- Pasientadministrativt arbeid knytt til innkalling og oppfølging av pasientforløp
- Førefallande arbeid tilhøyrande seksjonen
Kvalifikasjonar
- Det er ønskjeleg at søkjar har autorisasjon som helsesekretær
- Relevant 3-årig vidaregåande utdanning eller fagbrev kan kompensere for manglande autorisasjon
- Må beherske norsk godt både munnleg og skriftleg
- Erfaring frå tilsvarande arbeid vert vektlagt
- Fordel med kjennskap til DIPS
Personlege eigenskapar
- Serviceinnstilt
- Gode samarbeidsevner
- Kunne jobbe både i team og sjølvstendig
- Må like eit hektisk arbeidsmiljø, med stadige endringar
- Vere med å bidra til eit godt arbeidsmiljø
Personlege eigenskapar blir vektlagde
Vi tilbyr
- Løn etter regulativ
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Godt arbeidsmiljø
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Beathe Monica Solheim, Seksjonsleiar, (+47) 971 53 587Arbeidssted
Dalavegen 296856 Sogndal
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Helse FørdeReferansenr.: 5069272270
Stillingsprosent: 70%
Vikariat
Startdato: 01.04.2026
Sluttdato: 31.10.2026
Søknadsfrist: 15.02.2026
Annonseinformasjon
- FINN-kode 449219053
- Sist endret

