Sjukepleiar, dagstilling med langvakter kvar 4. helg ved Valderøy omsorgsdistrikt
Valderøy omsorgsdistrikt, Giske kommune
- Frist 18.2.2026
- Ansettelsesform Fast
Vi har ledig fast 100 % dagtilling som sjukepleiar i heimebasert omsorg frå snarast.
Stillinga inngår i 12 vekers turnus med kun dagvakter i vekedagane i tillegg til langvakter på dag/kveld kvar 4. helg. I turnusperioden kan det vere mogeleg med ei veke samanhengande fri.
I denne stillinga vil ein i tillegg til ordinære sjukepleieoppgåver blant anna ha fokus på prosedyrer, fag og utvikling i nært samarbeid med avdelingsleiar. Ein vil også ha eit tett samarbeid med korttidsavdlingar, tildelingskontor, velferdsteknikar, ergoterapeut, fysioterapeut og kvardagsrehabiliteringsteam.
Ta gjerne kontakt om du har spørsmål til stillinga.
I tillegg til formell kompetanse blir personlege eigenskapar og at ein er skikka for stillinga vektlagt.
Det er krav om gyldig politiattest av ny dato.
Legg ved dokumentasjon på utdanning og praksis i søknaden.
Arbeidsoppgåver
- Ha ein koordinerande funksjon med fokus på prosedyre, fag og utvikling, og sikre gode overgangar mellom korttidsavdeling, sjukehus og heimebasert omsorg.
- Medansvarleg for dagleg vaktinnleige.
- Rettleiing og opplæring av medarbeidarar og studentar/elevar.
- Bidra til eit godt samarbeid mellom brukarar og pårørande.
- Bidra til eit godt arbeidsmiljø, både kollegialt og fagleg.
- Bidra til eit godt omdømme.
Kvalifikasjonar
- Autorisasjon som sjukepleiar.
- God digital kompetanse og beherske velferdsteknologiske løsingar som arbeidsverktøy og fagsystem.
- God rettleiarkompetanse.
- Førarkort for bil.
- Svært gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg.
Personlege eigenskapar
- Stabil og trygg med god arbeidskapasitet.
- Positiv, innovativ, fleksibel og løysingsorientert.
- Særs gode samarbeids- og kommunikasjonsevner.
- Fagleg dyktig og kan arbeide sjølvstendig.
- Lojal og omsorgsfull.
Vi tilbyr
- Spanande fagmiljø med mange ulike arbeidsoppgåver innanfor rehabilitering, kortidspasientar, langtidspasientar og i heimebasert omsorg.
- Tverrfagleg samarbeid med fleire yrkesgrupper.
- Løn og tilsetjing på vanlege kommunale vilkår, men du er sikra løn tilsvarande stigen med 16 års ansiennitet.
Kontaktinformasjon
Iren Hovlid, avdelingsleiar heimebasert omsorg, 41702314
Elin Karin Hopland, nestleiar, 41702318
Janita Engeset Ellingseter, einingsleiar, 92620535
Arbeidsstad
Valderøya
6050 VALDERØYA
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Giske kommune
Referansenr.: 5072965420
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 18.02.2026
Annonseinformasjon
- FINN-kode 449216864
- Sist endret
