Lærar - Maritime fag
Herøy vidaregåande skule, Møre og Romsdal fylkeskommune
- Frist 20.2.2026
- Ansettelsesform Fast
Ved Herøy vidaregåande skule er det ledig fast stilling som faglærar i maritime fag frå 1. mai 2026.
Herøy vidaregåande skule er ein tradisjonsrik yrkesfagleg skule som utdannar yrkesutøvarar for regionen og nærmiljøet. Med kompetente og dyktige tilsette arbeider skulen for at elevane skal oppleve å lukkast i utdanninga. Vi er rundt 250 elevar og eit 60-tals tilsette fordelt på seks utdanningsprogram:
Bygg- og anleggsteknikk
Helse- og oppvekstfag
Naturbruk
Restaurant- og matfag
Teknologi- og industrifag
Skulen sin storleik gjer at vi har høve til å bli godt kjent med kvarandre i skulekvardagen. Det å kjenne seg trygge på kvarandre gir rom for ein tett relasjon mellom elev og lærar, noko vi veit er avgjerande for at skulen skal vere ein stad der læring skjer.
Arbeidsoppgåver
- Undervisning på vg2 Maritime fag - matrosfaget.
Aktuelle fag er: Skipstekniske tenester, Dokumentasjon og kvalitet, Dekk og Yrkesfagleg fordjuping for maritime fag. - Kontaktlærarfunksjon kan bli lagt til stillinga.
- Pedagogisk- og fagleg samarbeid, mellom anna i fagteam og klasseteam.
- Noko arbeid med kvalitetssystem kan bli lagt til stillinga.
Kvalifikasjonar
Vi søkjer deg som:
- har relevant utdanning og erfaring innan maritime fag
- har gode digitale ferdigheter
- er fleksibel, samarbeidsorientert og utviklingsorientert
- har erfaring fra arbeid med ungdom
Herøy vidaregående skule ynskjer fortrinnsvis søkjarar med dekksoffiserskompetanse frå fagskole eller høgare utdanning innan nautikk, der breidast mogleg kompetanse vil bli foretrukke. Det krevst pedagogisk utdanning jfr forskrift til Opplæringslova §12-1. Kandidatar utan pedagogisk kompetanse oppmodast også til å søkje. Personleg eignaheit vil bli vektlagt i tillegg til faglege kvalifikasjoner.
Personlege eigenskapar
Vi søkjer etter deg som har eit positivt elevsyn og som er ein tydeleg vaksen og ein god rollemodell.
- Du må like å arbeide med ungdom.
- Du har eit stort engasjement for faget ditt.
- Du bidreg til elevane si faglege og sosiale utvikling.
- Du har ein inkluderande veremåte.
- Du er fleksibel og ser moglegheiter.
- Du likar godt å samarbeide.
- Du har gode ferdigheiter i kommunikasjon og relasjonsbygging, både overfor elevar og andre du samarbeider med.
Personlege eigenskaper vert tillagt vekt i tilsettinga.
Vi tilbyr
- Ei utfordrande stilling i eit arbeidsmiljø kjenneteikna av stor profesjonalitet og sterke fagmiljø
- Rettleiing for nytilsett pedagogisk personale
- God tilgang til faglige nettverk og faglig utvikling
- Offentleg pensjonsordning, gruppelivs- og ulykkesforsikring
- Løns- og arbeidsvilkår i høve lov- og avtaleverk
Kontaktinformasjon
Tore Tangen, Rektor, 95933931Lillebø Eivind, Fagleder, 91582775
Arbeidsstad
Lisjebøveien 46091 FOSNAVÅG
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Møre og Romsdal fylkeskommuneReferansenr.: 5072838827
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 20.02.2026
Annonseinformasjon
- FINN-kode 449205422
- Sist endret

