Senior Engineer/ Engineer Stability & Weight
Ulstein Group
- Frist 01.03.2026
- Ansettelsesform Fast
Senioringeniør/ Ingeniør stabilitet og vekt
Vil du vere med og forme skipa som skal definere framtidas maritime næring?
I Ulstein Design og Solutions får du sjansen til å vere med der ideane blir til løysingar, og der visjonar vert bygde i stål rett utanfor kontorvindauget ditt.
Vi jobbar vi kontinuerleg for å innovere, engasjere og avansere. Med kombinert ekspertise og kreative evner utviklar vi nyskapande design, løyser komplekse utfordringar og styrker konkurransekrafta for kundar over heile verda. Vi gjer dette gjennom prosjekt der livsløpsperspektiv, kostnadseffektivitet og driftstryggleik alltid står i sentrum.
No som oppdragsmengda aukar, søker vi ein erfaren og engasjert stabilitets- og vektingeniør som vil bli ein del av eit framoverlent fagmiljø og eit tverrfagleg designteam. Her vil du jobbe med varierte og utfordrande oppgåver gjennom heile designløpet, frå dei første konsepta til nybygg og fartøy som er i arbeid. Stillinga gir store moglegheiter for både fagleg og personleg utvikling i eit internasjonalt miljø.
Vi ser etter ein person som vil påverke og skape resultat saman med andre, og vere med og utvikle morgondagens løysingar for berekraftige marine operasjonar.
Arbeidsoppgåver
- Utvikle Ulstein si skipsdesignportefølje innan ulike segment
- Utføre berekningar, dokumentasjon, verifisering og oppfølging innan stabilitet gjennom skipets livsløp - frå konseptutvikling og konstruksjon til service- og ettermarknadstenester
- Vektestimering og vektoppfølging i design- og konstruksjonsfase
- Delta på krengeprøver både lokalt og globalt
- Samarbeide tett med designteam, prosjektgrupper, verft, klasseselskap, myndigheiter, leverandørar og FoU-miljø
- Vedlikehalde og vidareutvikle vektdatabase
- Utvikle og forbetre metodar og system
- Dele erfaring og bidra i utviklingsinitiativ i selskapet og resten av Ulstein
- Reiseaktivitet må påreknast
Kvalifikasjonar
- Utdanning innan skipsdesign (BSc/ MSc)
- Erfaring med stabilitet og hydrostatiske berekningar
- Erfaring med vekt- og tyngdepunktsberekningar er ein fordel
- Kjennskap til klasse- og myndigheitskrav
- Erfaring med NAPA, ShipWeight og CAD
- God forståing for skipsdesign og skipsbygging
- Skript- og programmeringskunnskapar er ein fordel
- Gode norsk- og engelskkunnskapar
Personlege eigenskapar
- God på kommunikasjon og samarbeid
- Løysingsorientert med analytisk og metodisk tilnærming
- Strukturert og sjølvstendig i ein dynamisk arbeidskvardag
- Evne til å jobbe på tvers av fagområde
- Nysgjerrig på ny kunnskap og villig til å dele erfaringar
Vi tilbyr
- Sterkt og inspirerande fagmiljø med utviklingsmoglegheiter
- Eit inkluderande og godt arbeidsmiljø
- Konkurransedyktige vilkår
- Fleksitidsordning
FerdigheterAI-generert
- Bygging av skip og båter
- CAD (Computer-aided design)
- foreta kalkulasjoner
- Kunnskap om relevante lover og forskrifter
- Metodeutvikling
- Skips- og marinteknikk
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
ULSTEIN er ein internasjonalt anerkjend leverandør av skipsdesign, skipsbygging og systemløysingar for skip. I meir enn 100 år har vi utvikla framtidsretta produkt og tenester for det maritime miljøet, og visjonen vår er å skape morgondagens løysingar for berekraftige marine operasjonar. ULSTEIN har aktivitet i fleire land, med hovudkontor i Ulsteinvik på Sunnmøre. Konsernet har over 500 tilsette.
Ulstein er ei lærlingbedrift og ei av hjørnesteinsbedriftene i kommunen.
Menneska i Ulstein er den viktigaste ressursen. Mangfald av ferdigheiter, personlegdommar, erfaring og bakgrunn skaper eit globalt team som kombinerer innovasjon, kvalitet og ekspertise.
- Sektor: Privat
- Sted: Osnesvegen 118, 6065 Ulsteinvik
- Bransje: Maritim og offshore
- Stillingsfunksjon: Ingeniør, Kybernetikk, Marinteknikk / Naval architecture
- Arbeidsspråk: Engelsk, Norsk
Nøkkelord
Engineer, beregninger, stabilitet, vekt, skipsdesign
Annonseinformasjon
- FINN-kode 449215912
- Sist endret

