Miljøarbeidar. Helgestillingar på 11,84 til 16,32 %,
Helse og Livsmeistring, Bygland Kommune
- Frist 16.2.2026
- Ansettelsesform Vikariat
Fjordtunet er eit samlokalisert bufellesskap innan habilitering og psykiatri, med 15 faste tilsette som arbeider tverrfagleg for å sikre trygge, faglege og heilskaplege tenester.
Bufellesskapet består av to bueiningar knytte til fellesareal og fem sjølvstendige bueiningar, med i dag seks bebuarar med samansette behov og varierande bistandsbehov i kvardagen. Tenestene er individuelt tilpassa og byggjer på målretta miljøarbeid, relasjonsarbeid og tett oppfølging. Fjordtunet legg vekt på brukarmedverknad, føreseielegheit og kvalitet i tenesteytinga, og arbeider i nært samarbeid med pårørande, fastlege og andre samarbeidspartnarar innan helse- og omsorgstenesta.
Vi søkjer tre helgevikarar:
- Stilling 1 er på 16,32%
- Stilling 2 er på 14,37%
- Stilling 3 er på 11,84%
Dersom det er kvalifiserte søkjarar som ikkje blir tilsette, kan dei få tilbod om avtale som tilkallingsvikar
Arbeidsoppgaver
Hjelpe til med personleg hygiene, ernæring og reinhald av bustad.Bistand til daglege gjeremål (ADL).
Planlegging, tilrettelegging og gjennomføring av aktivitetar og tiltak etter vedtak.
Målretta miljøarbeid.
Dokumentasjon i journalsystem.
Legemiddelhandtering (etter delegasjon).
Samarbeid med pårørande, verjer, fastlege, spesialisthelsetenesta og andre relevante tenester.
Førebygging og handtering av utfordrande åtferd.
Bidra til fagutvikling og kvalitet i tenesta.
Kvalifikasjoner
Fagbrev innan helse- og sosialfag eller annan relevant kompetanse.
Lang erfaring med arbeid med menneske med psykiske lidingar kan kompensere for utdanning etter ei konkret vurdering.
Det er ein fordel med:
- Erfaring innan habilitering, psykiatri- og rusarbeid eller liknande arbeid.
Digital kompetanse.
Norskferdigheiter, både skriftleg og munnleg.
Gyldig politiattest.
Førarkort klasse B.
Personlige egenskaper
Brukarfokus.
Gode evner til kommunikasjon og til å skape ein god arena for samarbeid.
Evne til å arbeide sjølvstendig og målretta.
Like utfordringar og vere i stand til å handtere uventa situasjonar.
Vi tilbyr
Løn etter gjeldande tariff.
Meiningsfullt arbeid med faglege utfordringar.
Gode personforsikringar og tenestepensjon i KLP.
Kontaktinformasjon
Silje Christine Stangvik, Avdelingsleder helse, 97750026Arbeidssted
4741 Byglandsfjord
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Bygland KommuneReferansenr.: 5068120483
Stillingsprosent: 15%
Fast
Søknadsfrist: 16.02.2026
Annonseinformasjon
- FINN-kode 449200377
- Sist endret
