Lege i spesialisering innan fødselshjelp og kvinnesjukdomar
Legar gynekologi Ålesund, Helse Møre og Romsdal HF
- Frist 9.2.2026
- Ansettelsesform Vikariat
Vil du bli ein av 8 Leger i spesialisering på føde- og gyn. i Ålesund?
Seksjon for legar, gynekologi er ein del av Avdeling for kvinnesjukdomar, barnemedisin og habilitering. Det er ei mellomstor avdeling i nasjonal samanheng. Dette inneber at vi har dei fleste gynekologiske og obstetriske problemstillingane i vår avdeling, f.eks. risikograviditetar frå svangerskapsveke 26 og vi utfører mange typar gynekologiske operasjonar. Dette gir lærerike og varierte arbeidsdagar.
Vi har likevel ikkje stor nok mengde pasientar som avdelingar ved universitetssjukehus. Du må derfor til teneste ved universitetssjukehus for å få mengdetrening på fødeavdeling, operasjonar ved gynekologisk avdeling og gynekologisk kreftavdeling for å fullføre spesialistutdanninga.
Storleiken på avdelinga gjer at overlegar og LIS jobbar tett saman. Vi har eit godt arbeidsmiljø og vi jobbar nært anna sjukehuspersonell på heile sjukehuset.
I 2025 hadde vi 9142 polikliniske konsultasjonar og 1219 fødslar. Vi er pr d.d 10 spesialistar og 8 LIS2/3 i avdelinga. Ein av overlegane og ein LIS2/3 har PhD og endå ein overlege held på med PhD.
Du er velkomen som søkjar til ein meningsfylt arbeidsdag!
Arbeidsoppgåver
- Arbeidskvardagen inneheld bl.a. visittgang ved gynekologisk sengepost og føde/barsel. Det er dagleg poliklinisk aktivitet med både gynekologisk og obstetrisk poliklinikk. Vi har pasientar ved kreftavdelinga og kreftpoliklinikken vi ser til. Det er også mykje operativ aktivitet både ved operasjonsavdelinga og dagkirurgisk eining. Vi har pr d.d planlagte operasjonar fire dagar i veka ved sentraloperasjon og ein dag i veka ved dagkirurgisk eining
- Legar i spesialisering går pr d.d 8-delt vakt. Vaktdøgnet er delt i to på kvardagane, medan det i helga er døgnvakt. Nattevakt på kvardagar strekker seg fra kl 15.00 til kl. 09.00 neste morgon. Fredagar startar nattevakta kl 14.30. I helgane varer vaktdøgnet frå 08.30 den eine dagen og til 09.00 neste dag
- LIS har tilstadevakt, grunna nasjonal føring «Eit trygt fødetilbod» har også bakvakt tilstadevakt for å vere i rask nærleik i dei tilfella kompetansen til vakthavande LIS-lege ikkje strekker til
Kvalifikasjonar
- Meistre godt norsk, både skriftleg og munnleg
- Norsk autorisasjon som lege
- Godkjent del 1 av spesialistutdanninga eller turnusteneste etter gammal ordning
Personlege eigenskapar
- Du er strukturert og nytenkjande
- Du er arbeidssam, teamorientert men også sjølvstendig
- Du er dyktig i jobben med fagleg engasjement og gode digitale evner
- Du er positiv, triveleg og rask til å setje deg inn i nye ting
- Du synest at akutte situasjonar til alle døgnets timar er forlokkjande
- Vi oppmodar og menn til å søkje
Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting.
Vi tilbyr
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din.
Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir her!
Kontaktinformasjon
Lena Elisabet Huttner, Seksjonsleiar, Lena.Huttner@helse-mr.noArbeidsstad
Åsehaugen 56017 Ålesund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.: 5068890257
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Startdato: 01.03.2026
Sluttdato: 31.08.2026
Søknadsfrist: 09.02.2026
Annonseinformasjon
- FINN-kode 449188686
- Sist endret
