Sommarvert på Kystmuseet
Stiftinga Musea i Sogn og Fjordane
- Frist 25.02.2026
- Ansettelsesform Sommer/Sesong
Vil du ønskje publikum velkomen til kystens historie?
Med oss fer du rikare!
Vi i Musea i Sogn og Fjordane søkjer deg som vil bruke delar av sommaren din hos oss i fantastiske omgjevnader på Kystmuseet i Florø.
Etter ein sommar hos oss fer du rikare: Du har fått relevant arbeidserfaring, du har arbeidd saman med og blitt kjend med kjekke kollegaer, du har lært om kulturhistoria vår, du har møtt mange menneske og opplevd vestlandsnaturen i all slags vêr!
Om stillinga
Vi søkjer engasjerte sommarvertar som vil vere med på å gi besøkande ei minneverdig museumsoppleving sommaren 2026. Hos Kystmuseet i Sogn og Fjordane formidlar vi kysten si kulturhistorie, og her kan du oppdage lokale båttypar frå ei svunnen tid og vandre gjennom kystlandskap med historiske sjøbuer og kystlynghei.
Som sommarvert er du museets ansikt utad og ein viktig del av møtet mellom publikum og historia. Du ønskjer gjestar frå inn- og utland velkomen, gir informasjon og bidreg til at alle får eit triveleg, lærerikt og inspirerande besøk..
Som sommarvert hos oss vil du ha ei vertskapsrolle med varierte oppgåver:
- Vertskap og publikumsmottak
- Billettsal, resepsjon og informasjon
- Drift av museumsbutikk og kafé
- Enkle formidlingsoppgåver og omvisingar
- Synleggjering av museet, mellom anna i SoMe
- Praktiske oppgåver knytt til dagleg museumsdrift
Vi ser etter deg som:
- er fødd seinast i 2008
- kan uttrykke deg munnleg på norsk og engelsk
- trivst i ei vertskaps- og omvisarrolle
- har interesse for og likar å formidle kulturhistorie
- har erfaring med SoMe
- tilpassar deg og trivast med variasjon i arbeidsoppgåver
- stiller opp og er til å lite på
- har ordenssans og får ting gjort
Tidlegare erfaring frå service, museum, reiseliv eller formidling er ein fordel, men ikkje eit krav - du får opplæring.
Praktisk informasjon om stilling og søknad
Som sommarvert hos oss vil du få god opplæring både på museet, og som deltakar på eit digitalt INTRO-program for alle sommarvertar i Musea i Sogn og Fjordane. Du må derfor ha høve til å setje av tid til dette laurdag 25. april.
Arbeidet på museet følgjer vaktplan, normalt med arbeidstid mellom 10:45-17:15 tysdag til søndag i perioden 20.06.2026-16.08.2026.
Vi oppmodar kvalifiserte kandidatar om å søkje uavhengig av kjønn, funksjonsevne og kulturell bakgrunn. Søknad registrerer du via lenke på denne sida. CV, vitnemål og attestar skal du laste opp under "Vedlegg".
Vi gjer merksam på at søkarlista kan bli kravd gjort offentleg.
Nærare opplysningar får du ved å vende deg til museumsleiar, sjå kontaktinfo nedst på denne sida.
Ved spørsmål som gjeld elektronisk søknadsskjema kan du ta kontakt med Jobbnorge på tlf. 75 54 22 20 eller kundeservice@jobbnorge.no kvardagar mellom 08:00-16:00.
FerdigheterAI-generert
- Billettsalg
- Resepsjon (hotell/gastronomi)
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
Om du vil oppleve lukta av gamle båtar og kystkultur, er Kystmuseet noko for deg. Museet ligg flott til i skjergarden eit lite stykke utanfor Florø sentrum. På museet får du lære om kystkultur og levd liv i alle kystkommunane frå Gulen i sør til Stad i nord.
Publikumstilbodet vårt omfattar utstillingar, arrangement og ulike formidlingsoppplegg. I hovudbygget på museet har vi museumsbutikk og ein enkel kafe. Museet held ope heile året, og har utvida omvisingstilbod i sommarsesongen.
Les meir på Kystmuseet sin nettstad.
Kystmuseet er ein del av Stiftinga Musea i Sogn og Fjordane, saman med fleire andre museum som De Heibergske Samlinger-Sogn Folkemuseum, Norsk Reiselivsmuseum, Sunnfjord Museum, Nordfjord Folkemuseum, Kvernsteinsparken, Astruptunet, og Sogn og Fjordane Kunstmuseum.
Stiftinga har om lag 50 årsverk. Les meir om Musea i Sogn og Fjordane her: www.misf.no.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Brendøyvegen 25B, 6900 Florø
- Bransje: Museer, gallerier og kulturminne
- Stillingsfunksjon: Kundeservice
Annonseinformasjon
- FINN-kode 449187452
- Sist endret


