Assistent 60%
Alver kommune
- Frist 15.2.2026
- Ansettelsesform Fast
Vil du ha ein meiningsfull jobb der du verkeleg betyr noko for andre – kvar einaste dag?
Heimetenesta på Ostereidet søkjer no ein engasjert og omsorgsfull assistent i 60 % fast stilling til vårt dyktige og inkluderande team.
Arbeidsoppgåver
Som assistent vil du mellom anna:
- Bistå med heimehjelp
- Bistå med personleg pleie
- Skape trygge og gode møter med brukarane
- Observere og rapportere endringar i helsetilstanden
- Samarbeide tett med sjukepleiarar, helsefagarbeidarar og andre kollegaer
- Vere ein positiv bidragsytar til eit godt arbeidsmiljø
Om avdelinga
Heimetenesta i Alver kommune består av 6 geografiske områder, der Ostereidet er ei avdeling som er plassert sentralt på Ostereidet. Vi er ei liten avdeling med ca 11 årsverk som gir tenester til brukarar som bur i vårt område. Vi har god fagdekning på avdelinga, med driftskoordinator, sjukepleiarar, helsefagarbeidarar og assistentar. Vi har eit tett samarbeid med Ostertunet der vi blant anna har felles sjukepleiarteam på kveld og helg.
Kvalifikasjonskrav
- Gode digitale ferdigheiter og kjennskap til digitale dokumentasjonsverktøy
- Førarkort klasse B
- Gode norskkunnskapar, munnleg og skriftleg
- Søkjarar med erfaring frå heimeteneste og/ eller med medisinmynde vil bli prioritert
Kven er du?
Vi ser etter deg som:
- Er ansvarsbevisst, påliteleg og fleksibel
- Trivst både med sjølvstendig arbeid og arbeid i team,
- Kan like ein travel kvardag og klarer å gjere gode prioriteringar.
- Har gode kommunikasjonsevner på norsk, munnleg og skriftleg
- Har erfaring frå heimetenesta. Dette er ein fordel, men ikkje eit krav
- Har medisin delegering og erfaring med utdeling av medisinar. Dette er ein fordel, men ikkje eit krav
Vi tilbyr
- Engasjerte, flotte og framtidsretta kollegaer
- Eit positivt og inkluderande arbeidsmiljø
- Ein aktiv kvardag med mange spennande og varierte utfordringar
- Fagleg utvikling
- Årsturnus
- Tilsetjing i samsvar med gjeldande lov- og avtaleverk
- God pensjonsordning gjennom KLP
Politiattest
I tråd med helse- og omsorgstenestelova § 5-4 vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede.
Vi er Alver
Bli kjent med Alver kommune!
Video: https://www.youtube.com/watch?v=_xHE9zF24G4&ab_channel=AlverkommuneAnnonseinformasjon
- FINN-kode 449171045
- Sist endret
