Nattstilling i turnus 60% fast
Bjørnafjorden kommune Tilrettelagte tenester
- Frist 11.02.2026
- Ansettelsesform Fast
Nattstilling i turnus 60% fast
Tilrettelagte tenester f.t v/Varafjell avlastning har ledig stilling på natt, frå snarast.
Arbeidsstad
Varafjell avlastningssenter er kommunen sitt avlastingstilbod til foreldre med barn og unge med nedsatt funksjonsevne.
Avlastningssenter ligg strategisk plassert i Industrivegen, nær idrettsanlegget på Kuventræ.
Arbeidsoppgåver
Det er behov for tilsyn, stell, pleie og omsorg.
Stillinga er for tida knytt opp mot tenestemottakarar på Varafjell avlastningssenter.
Du skal yte eit heilskapleg og fagleg omsorgstilbod til tenestemottakarane. I funksjonen inngår førebygging, habilitetering og rehabilitering.
Stillinga er i turnus f.t m/ arbeidshelg kvar 3.helg. Nattstillilng er inkludert med "bakvaktsordning" i eininga.
Stilling vil inngå i ressursbemanninga i eininga for Tilrettelagte tenester.
Kvalifikasjonar
Du har helsefagleg utdanning med autorisasjon. Søkjarar med erfaring med brukargruppa vil og bli vurderte.
Det vert lagt stor vekt på dine personlege eigenskapar, og kjennskap til brukargruppa vil vera ein fordel.
- du har bestått medisinkurs
- du skaper gode relasjonar, tillit og tryggleik
- du ønskjer å vera ein del av eit spanande arbeidsmiljø
- du ønskjer og tar utfordringar
- du er oppteken av å ivareta borna som om dei er dine eigne
- du er sjølvstendig og har opparbeida deg gode samarbeidsevner
- du lyttar med respekt
Bilsertifikat kl. B er nødvendig.
På bakgrunn av dine gode faglege og etiske verdiar, er nettopp du den vi treng for å kunne gje barnet eit godt heilheitleg tilbod.
Utanlandsk utdanning må vere godkjend av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir): https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet
Vi gjer merksam på at du må leggja fram politiattest.
Vi tilbyr
- Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
- God pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
- Løn etter gjeldande avtalar
- Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen
Bjørnafjorden kommune er ein arbeidsplass som verdset likestilling og mangfald, der alle tilsette forpliktar seg til prinsippet om likeverd og bidreg til å skapa eit inkluderande arbeidsmiljø. Vi ønskjer eit mangfald av søkjarar og oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av kjønn, alder, funksjonsevne, seksuell orientering, etnisk bakgrunn eller livssyn
Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert tatt til følgje vil søkjaren bli varsla om det.
Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.
FerdigheterAI-generert
- Kurs i legemiddelhåndtering
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
Vi er ein nær og varm kommune, noko som gjenspeglar seg i misjonen vår Det gode liv for alle. Som arbeidstakar bidrar du med oppgåver som er viktig for innbyggarane våre og lokalsamfunnet vårt. Du betyr noko, og det du gjer betyr noko!
Vi jobbar med fleire spennande prosjekt, og er alltid på utkikk etter engasjerte folk med hjartet på rette staden. Er det deg?
- Sektor: Offentlig
- Sted: Rådhuset, Torggata 7, 5200 Os
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Helsefagarbeider/hjelpepleier
Annonseinformasjon
- FINN-kode 448491894
- Sist endret

