Avdelingsleiar
Sunnylven distrikt, Stranda kommune
- Frist 17.2.2026
- Ansettelsesform Fast
Sunnylven og Geiranger distrikt består av døgnbemanna omsorgsbustader i Geiranger med 9 leiligheiter og i Sunnylven med 23 leiligheiter samt heimetenester og matombering til eit varierande tal heimebuande i begge bygdelaga.
Vi har ledig 100% fast stilling som avdelingsleiar frå 16.02.26.
Den som vert tilsett er avdelingsleiar for begge omsorgsbustadane, med oppmøtestad Sunnylven omsorgssenter. Avdelingsleiaren skal vere ved Geiranger omsorgssenter ved behov.
Aktuelle søkjarar vil bli innkalla til intervju. Tilsetting skjer etter gjeldande lover, reglement og tariffavalar, herunder 6 mnd. prøvetid og 2% pensjonsinnskot. Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om å ikkje bli ført opp på søkjarliste. Sækjar vert varsla om dette vert gjort, jf Offentleglova § 25.
Arbeidsoppgåver
- Fagleg ansvar
- Personalansvar og sjukefråværsoppfølging
- Ansvar for turnus, innleige av personale og andre merkantile oppgåver
- HMS og internkontroll
- Legge til rette for godt samarbeid mellom brukarar, pårørande og kollegaer
- Tverrfagleg samarbeid
- Bidra aktivt til fagleg og organisatorisk utvikling
Kvalifikasjonar
- Relevant helsefagleg høgskuleutdanning på bachelornivå, fortrinnsvis sjukepleiar eller vernepleiar med norsk autorisasjon
- Leiarutdanning og/eller relevant leiarerfaring er ønskjeleg, men ikkje eit krav
- Gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg
- Personlege eigenskapar vert vektlagt
Personlege eigenskapar
- Evne til å jobbe sjølvstendig og framstå samlande i personalgruppa
- Gode samarbeidsevner
- Evne til å skape gode relasjonar
- Positiv og imøtekomande
Vi tilbyr
- Fast arbeidstid
- Godt arbeidsmiljø med flinke og engasjerte kollegaer
- Gode pensjons og forsikringsordningar
Kontaktinformasjon
Elisabeth Jelle, Einingsleiar, +47 46411183Arbeidsstad
Hellesyltvegen 176218 Hellesylt
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Stranda kommuneReferansenr.: 5074010737
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 17.02.2026
Annonseinformasjon
- FINN-kode 449163124
- Sist endret
