Ønsker du å jobbe som lærar på Tresfjord EnSpire skule?
Tresfjord Enspire Skule
- Frist 2.3.2026
- Ansettelsesform Fast
Vårt behov
Frå og med 1. august 2026 har vi behov for å tilsetje ein lærar. Stillingsprosentbehovet er i utgangspunktet 100 %, men det kan også vere mogleg å få redusert stilling om ein ønsker det. Det er difor viktig at du i søknaden skisserer ønska stillingsprosent.
Det er ein fordel om du trivst i kontaktlærarrolla. Om ein ønsker lærarstilling hos oss, må ein altså vere komfortabel med ei slik rolle. Ein kan også rekne med å bli sett til å undervise for dei yngste og/eller dei eldste elevane våre.
Skriv gjerne i søknaden når du tidlegast kan starte opp hos oss. Vi har i utgangspunktet behov frå og med oppstart av planleggingsdagane våre i august, men det kan også vere mogleg å starte opp før sommarferien.
Om stillinga
Arbeidsoppgåver
Som lærar hos oss vil du mellom anna ha desse arbeidsoppgåvene og ansvara:
-
Planlegge og gjennomføre variert undervisning i tråd med EnSpire-skulane sin læreplan
-
Prosjektarbeid / tverrfagleg arbeid
-
Samarbeide med føresette og andre tilsette
-
Skape trivsel og bidra til eit trygt og godt klassemiljø og arbeidsmiljø for elevar og tilsette
-
Kontaktlærar eller rolle innan spesialundervisning
-
Vere delaktig i skulen si faglege utvikling
Vi tilbyr
Som tilsett hos oss vil du:
-
vere ein del av eit profesjonsfellesskap av engasjerte og positive tilsette.
-
få støtte og rettleiing frå leiing og andre tilsette ved behov.
-
jobbe på ein skule som dyrkar det unike i kvar enkelt elev.
-
ha lønns- og arbeidsvilkår jf. gjeldande lovverk og tariffavtalar.
-
jobbe på ein skule som vektlegg fagleg utvikling hos tilsette, og som legg til rette for og oppfordrar til kompetanseheving, kurs og (vidare)utdanning.
-
vere med på å utvikle skulen.
Personlege eigenskapar
Som tilsett hos oss forventar skulen at du:
-
er løysingsorientert, fleksibel og samarbeidsvillig.
-
har eit positivt elevsyn, som vil seie at du viser interesse for elevane og møter dei med forståing, respekt og bidrar til å inkludere og motivere alle elevane i undervisninga og/eller gruppa.
-
har gode skriftlege og munnlege norskkunnskapar.
-
er bevisst eigne haldningar, kroppsspråk og praksis.
-
trygg og tydeleg klasseleiar, og som spør andre tilsette om hjelp og støtte ved behov.
-
ønsker å løfte og utvikle alle elevane sine unike sider og styrker.
Kvalifikasjonar
Som tilsett som lærar hos oss ønsker vi at du:
-
har godkjent lærarutdanning eller anna relevant pedagogisk utdanning, gjerne med fordjupning innan spesialpedagogikk.
-
legg fram politiattest før tiltreding.
Det er ikkje offentlege søkarlister hos oss.
Vi ser fram til å høyre frå deg!
Kontakt
Om du lurer på noko, ta gjerne kontakt med dagleg leiar/rektor Martin Melbø via post@tresfjordenspire.no eller 404 07 752 (kontor) / 991 084 42 (mobil).
Postadresse: Postboks 1, 6391 Tresfjord
Besøksadresse: Neremsvegen 43, Tresfjord
Annonseinformasjon
- FINN-kode 449152798
- Sist endret


