Lærling helsearbeidarfaget
Haram kommune
- Frist 1.3.2026
- Ansettelsesform Lærling
Haram kommune har ledige stillingar som lærling i helsearbeidarfaget. Læreplassane er i institusjonar
og ulike omsorgs- og behandlingstilbod i kommunal sektor i kommunen. Ein arbeidar i turnus. Vi har fleire ledige
læreplassar. Det er mogleg å ta delar av læretida i Europa gjennom Erasmus+utveksling"
Vi søkjer deg som er lærevillig, engasjert og interessert i faget. Er du i tillegg påliteleg og har godt humør, vil vi gjerne høyre frå deg!
Haram kommune er ein ambisiøs kommune med gode heilskaplege tenester. Vi skal særleg ha fokus på å
spele kvarandre gode, og arbeide på tvers for å skape gode tenester for innbyggjarar og næringsliv. Eit viktig mål for kommunen er å gje god kvalitet og behandling til den enkelte innbyggjar som søker om tenester.
I søknaden ber vi deg gi opp følgjande informasjon: referanse frå lærar vg2 + kontaktinfo til lærar, kopi av karakterprotokoll frå vg1, og kopi av karakterprotokoll frå 1.termin – vg2.
Søknadar blir behandla fortløpande.
Oppstart etter avtale. Vi ser fram til å motta søknad frå deg!
Arbeidsoppgåver
Helsefagarbeidaren utfører praktisk pleie, omsorg og miljøarbeid for pasientar og brukarar av helse- og omsorgstenesta.
Sentrale arbeidsoppgåver er:
- utøving av fagleg forsvarleg og omsorgsfull helsehjelp, med brukaren i sentrum
- arbeid med helsefremmande, førebyggande og rehabiliterande pleie- og omsorgstiltak
- planlegging, utføring og deltaking i det totale behandlingsopplegget for pasienten/brukaren
- arbeide etter gjeldande hygieniske, ernæringsmessige og ergonomiske prinsipp
- handtere medikament etter gjeldande lovverk
- journalføring, dokumentasjon og rapportering
- dokumentere opplæringa i olkweb
Kvalifikasjonar
- Fullført og bestått vg1 Helse- og oppvekstfag
- Fullført og bestått vg2 Helsearbeiderfag (ev. kryssløp)
- Legge fram politiattest ved tilsetjing
- Løyve til å bu og arbeida i Noreg
Ønska kompetanse:
- Førarkort klasse B
Personlege eigenskapar
- Interessert i å jobbe med menneske
- Engasjert, positiv og omsorgsfull
- Lærevillig og initiativrik
- Fleksibel, ansvarsbevisst og sjølvstendig
- Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
Vi tilbyr
- Lærekontrakt og arbeidsavtale i tråd med Opplæringslov og Arbeidsmiljølov
- Opplæring og faglege utfordringar i eit positivt arbeidsmiljø
- Lønn i tråd med hovudtariffavtale. Ein lærling har ei fagarbeidarlønn fordelt på 2 år
- Varierte arbeidsoppgåver i tråd med gjeldande læreplan og arbeidsinstruks
- Fagleg rettleiing av godkjende faglege leiarar og erfarne instruktørar
- Oppfølging, kurs og samlingar gjennom opplæringskontora
Kontaktinformasjon
Marit Volstad, Leiar NÅOPP, 90797267, marit.volstad@naaopp.noAnn Kristin Berg, Rågdgjevar, 93217266, ann.kristin.berg@haram.kommune.no
Karianne Aamås Beite, Seniorrådgjevar HR, +47 95724619, karianne.aamas.beite@haram.kommune.no
Arbeidsstad
Strandgata 406270 Brattvåg
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Haram kommuneReferansenr.: 5067753362
Stillingsprosent: 100%
Lærling
Søknadsfrist: 01.05.2026
Annonseinformasjon
- FINN-kode 448933590
- Sist endret


