Sjukepleiar/vernepleiar
DØGNSEKSJON PHBU MOLDE OG ÅLESUND, Helse Møre og Romsdal HF
- Frist 15.2.2026
- Ansettelsesform Fast
Vil du bli vår nye kollega?
Vi søkjer deg som har lyst til å lære meir om barne- og ungdomspsykiatri og vere ein del av eit sterkt fagmiljø. Hjå oss får du spanande og meiningsfulle arbeidsoppgåver i eit triveleg og inkluderande arbeidsmiljø.
Er du motivert for å arbeide med barn og ungdom med ulike psykiske lidingar? Trivst du i ein kvardag som kan vere både hektisk og variert, der du får jobbe tverrfagleg saman med dyktige kollega – og der god pasientbehandling alltid står i sentrum?
Då er du den vi ser etter. Då er er du velkomen til å søke!
Vi har ledig 2 x 75% og 1 x 50% fast stilling som sjukepleiar/vernepleiar f.t. turnus på dag/kveld og arbeid kvar tredje helg i eininga vår i Ålesund. Ved eventuell intern rokering kan anna stillingsprosent og verte ledig. dette gjeld også vikariat. Oppstart etter avtale med seksjonsleiar.
Psykisk helsevern for barn og unge er samansett av poliklinikkar i Kristiansund, Molde, Volda og Ålesund og ein døgnseksjon med einingar i Molde og Ålesund.
Eininga i Ålesund har 10 sengeplassar fordelt på 8 plassar for øyeblikkeleg hjelp og 2 intermediære plassar. Eininga gir eit tilbod for barn og ungdom i heile Møre og Romsdal fylke. Aldersgruppa er 12-18 år, men det hender at innlegging av yngre barn og unge kan vere nødvendig. Vi tek imot pasientar med ulike psykiske lidingar og kan karakteriserast som ei allmenpsykiatrisk avdeling. Vi er godkjent for tvungen psykisk helsehjelp.
Behandlinga vert individuelt tilrettelagt, der kvar pasient sitt behov er i fokus gjennom miljøterapeutisk tilnærming og individuell kontakt med behandlingsansvarleg (lege/psykolog). Teamarbeid er grunnpilaren i tilbodet vårt. Vi legg stor vekt på samarbeid med foreldre og/eller andre pårørande, og det er ei forventing at dei er tilstades og deltek under innlegginga.
I arbeidet med observasjon, utgreiing og behandling nyttar vi mellom anna miljøterapi, samtaleterapi, foreldrearbeid, informasjon, rettleiing og samarbeidsmøter.
Arbeidsoppgåver
- Miljøterapi
- Delta i mini-team og følgje opp avtalt behandlingsopplegg for pasient
- Mottak og utskriving av pasientar
- Samhandling med andre seksjonar
- Medverke til fagutvikling
- Praktiske oppgåver i eininga
Kvalifikasjonar
- For stillinga må ein ha norsk offentleg godkjenning som sjukepleiar eller vernepleiar
- Ønskjeleg med relevant erfaring frå miljøterapeutisk arbeid og gjerne innan barne- og ungdomspsykiatrien
- Må meistre norsk, skriftleg og munnleg
Personlege eigenskapar
- Du trivast med å jobbe i tett samarbeid med både kollega, pasientar og pårørande, samtidig som du kan vere sjølvstendig
- Du har arbeidshelse til å handtere ein tidvis hektisk og krevande kvardag
- Du er oppteken av frivillegheit og brukarmedverknad
- Du er inkluderande og raus med dine kollega, og bidreg til eit godt arbeidsmiljø
- Du er punktleg og påliteleg
- Å vere personleg eigna vert vektlagd ved tilsetting
Vi tilbyr
- Med oss får du jobbe i ei eining der faget står i fokus. Arbeidskvardagane er varierte, både med tanke på belastning og arbeidsoppgåver. Kollegane dine har ulik fagbakgrunn, erfaring og alder. Vi utfyller kvarandre på ein god måte til det beste for pasientane våre
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Vi ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til din CV.
Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir om Ålesund og omland her.
Kontaktinformasjon
Beate Olsbø Nilsen, Seksjonsleiar, Beate.Olsbo.Nilsen@helse-mr.noArbeidssted
Geilebergvegen 186017 Ålesund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.: 5070493181
Stillingsprosent: 75, 50%
Fast
Søknadsfrist: 15.02.2026
Annonseinformasjon
- FINN-kode 448700717
- Sist endret
