Kafèansvarleg ved Svingen dagaktivitetstilbod
Herøy kommune, Barn-familie og helse
- Frist 20.2.2026
- Ansettelsesform Fast
Kafè Svingen er open for alle og meint som ein sosial møteplass for alle aldrar. Her kan den som ynskjer det nyte ein kopp kaffi, noko godt å bite i, og ikkje minst; hyggeleg lag og god stemning. Kafèen vert driven i samarbeid med deltakarane våre, kvalifiseringssenteret og frivillige og er del av aktivitetssenter i Herøy kommune.
Svingen aktivitetssenter starta opp i fjor haust og er ein kombinasjon av kafè, dagtilbod, sosiale og fysiske aktivitetar og ulike kurs. Det er eit lavterskeltilbod for trivsel og aktivitet i kommunen.
Vi søkjer etter ein engasjert medarbeidar i fast stilling som vil få hovudansvar for kafèdrifta og oppfølging av personar som jobbar i kafèen. I tillegg til kafèdrifta vil kafèansvarleg også ha ansvar for å koordinere småjobbsentralen som er knytt til Svingen. Her tilbyr vi innbyggarane å melde inn behov for oppdrag gjennom appen "Hjelper'n".
Stillinga er 80% fast, og i tillegg har vi 20% mellombels stilling i 2026.
Arbeidsoppgåver
- dagleg drift av kafèen, inkludert planlegging, bestilling og enkel matlaging
- sikre god hygiene og følgje gjeldande regelverk for mattryggleik
- rettleiing og oppfølging av medarbeidarar
- skape eit inkluderande og trygt miljø for både gjestar og deltakarar/besøkande
- koordinere småjobbsentralen og ansvar for appen som blir nytta der
- utvikling av konseptet Svingen og kafèdrifta
Kvalifikasjonar
- fagbrev som kokk eller anna relevant bakgrunn med til dømes erfaring frå kafè, kantine eller storkjøkken
- kjennskap til mattryggleik og hygiene
- erfaring frå kundebehandling og drift av serveringsstad
- ønskeleg med erfaring frå rettleiing og oppfølging av personar med ulike utfordringar
- personlege eigenskapar vil i stor grad bli vektlagt
Personlege eigenskapar
- trygg og inkluderande i møte med mennesker
- evne til å skape gode relasjonar og motivere andre
- gode organisatoriske evner og struktur i kvardagen
- løysingsorientert og fleksibel
- ansvarsbevisst og sjølvstendig
Vi tilbyr
- spennande og meiningsfylte arbeidsoppgåver, med mogelegheit til å påverke og utvikle tenesta
- gode mogelegheiter til å påverke og utforme eige arbeid
- eit tverrfagleg fagmiljø med stort engasjement
- dagarbeid med fleksitidsordning
- gode pensjons- og forsikringsordningar gjennom KLP
- IA-bedrift
Vi tilset på dei vilkåra som går fram av gjeldande tariffavtale, lover og reglement.
Aktuelle kandidater kan verte kalla inn til intervju. Søkjarlista kan verte offentleggjort.
Herøy kommune er i kommunegruppe 5, noko som vil seie at dersom du bur og arbeider i kommunen kan du frå 1. januar 2025 årleg få sletta studielånet med kr. 25 000 kroner når året er gått. Dette gjeld også dersom du flyttar til kommunen etter denne datoen.
Kontaktinformasjon
Monica Svoren, Avdelingsleiar barn-familie og helse, +47 92885795Arbeidsstad
Eggesbøvegen 116092 Fosnavåg
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Herøy kommuneReferansenr.: 5060869055
Stillingsprosent: 80%
Fast
Startdato: 01.04.2026
Søknadsfrist: 20.02.2026
Annonseinformasjon
- FINN-kode 448697085
- Sist endret

