Ferievikarar Legevaktsentralen
Bjørnafjorden kommune Legevakt og legetenester
- Frist 01.03.2026
- Ansettelsesform Sommer/Sesong
Bjørnafjorden og Samnanger legevaktsentral har ledige ferievikarstillingar
Bjørnafjorden og Samnanger legevaktsentral treng ferievikarar for sommaren 2026. Er du utdanna sjukepleiar og heime med barn, held på med videreutdanning eller jobber innen andre deler av helsetenesta er dette ein unik mulighet til å jobbe ekstra og til å oppretthalda fagkompetanse. Som nyutdanna sjukepleiar er du og velkommen som søkjar. Du vil få god opplæring i et godt arbeidsmiljømiljø med høg fagleg kompetanse.
Vi treng ferievikarar som kan overta når våre tilsette skal ha ferie i perioden 15.06.26-16.08.26 (veke 25 - 33). Vikarar som kan jobbe samanhengande i perioden vil bli prioritert. Det kan og vere aktuelt med oppstart eller opplæring før juni for dei som har høve til dette.
Arbeidsstad
Vi held til i beredskapsbygget på Moberg, i same bygg som Ambulansetenesta og Brann og redning.
Legevaktsentral for kommunane Bjørnafjorden, Samnanger og Austevoll.
Arbeidsoppgåver
Legevaktsentralen er ei akutt-teneste på dagtid og utanfor legekontora si arbeidstid. Med akutt hjelp meinast: "den helsehjelp som helsetenesta eller ein helsearbeidar er pliktig til å yte utan opphald ellersnarast når hjelpa er påtrengande nødvendig for å avverge fare for akutt dødsfall, akutt betydeleg helsetap eller avhjelpe alvorlege smertetilstander».
Oppgåvene på legevakta er å svara på henvendelsar til legevaktsentralen. Jobbe i team med lege- og ambulansepersonell og handtera pasientar både pålegevakta og ute i kommunane. Vaktene er organisert i 3-delt turnus.
Kvalifikasjonar
- Du må ha autorisasjon som sjukepleiar/eller har bachelor i paramedic, om du er medisinerstudent m/lisens kan du og verta vurdert
- Du har gjerne relevant arbeidserfaring
- Du må ha sertifikat klasse B
- Du må kunne jobba sjølvstendig
- Du må ha generelle datakunnskapar
- Du må kunne beherska munnleg og skriftleg engelsk
Utanlandsk utdanning må vere godkjend av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir): https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet
Personlige egenskaper- Du har evne til å holde roen og ta raske beslutninger i akutte situasjoner.
- Du har gode samarbeidsevner og kommunikasjonsevner både ansikt til ansikt og over telefon.
- Du er sjølvstendig, strukturert og løsningsorientert.
- Du har høg grad av fleksibilitet og omstillingsevne.
- Du er empatisk og serviceinnstilt med fokus på pasientsikkerhet.
Det vert lagt særleg vekt på dine personlege eigenskapar
Vi gjer merksam på at du må leggja fram politiattest.
Tilsetjing vil verta gjort fortløpande så vi oppmodar deg om å sende inn søknaden din snarast.
Vi tilbyr
- Lønn etter gjeldende avtaler
- For sjukepleiarar i turnus, tilbyr Bjørnafjorden kommune eit tillegg i grunnlønn på kr. 25.000 over garantilønnstabellen
- For arbeid på natt i tillegg kr 40.000 på årslønn
- God opplæring i et trygt miljø
- Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
- God pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
- Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen
Etter utløp søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert tatt til følgje vil søkjaren bli varsla om det.
Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.
FerdigheterAI-generert
- Akuttbehandling
- Digitale ferdigheter
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
Vi er ein nær og varm kommune, noko som gjenspeglar seg i misjonen vår Det gode liv for alle. Som arbeidstakar bidrar du med oppgåver som er viktig for innbyggarane våre og lokalsamfunnet vårt. Du betyr noko, og det du gjer betyr noko!
Vi jobbar med fleire spennande prosjekt, og er alltid på utkikk etter engasjerte folk med hjartet på rette staden. Er det deg?
- Sektor: Offentlig
- Antall stillinger: 5
- Sted: Torggata, 5209 Os
- Bransje: Annet, Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Helsepersonell, Sykepleier, Sykepleier
Nøkkelord
sykepleier, ferievikar, sommervikar, paramedic, medsinerstudent
Annonseinformasjon
- FINN-kode 448688379
- Sist endret