Anestesioverlege
Voss Anestesilegar, Helse Bergen HF, Voss sjukehus
- Frist 23.2.2026
- Ansettelsesform Fast
Voss sjukehus, Haukeland universitetssjukehus, har ledig stilling som overlege i anestesi.
Som anestesilege ved Voss sjukehus får du ein variert og meiningsfull arbeidskvardag der du spelar ei sentral rolle i akuttberedskap, fødeberedskap, operasjonsverksemd og intensivbehandling. Du jobbar tett med dyktige kollegaer innan fleire fagområde og får brukt og vidareutvikla brei klinisk kompetanse i eit miljø som vektlegg samarbeid, tryggleik og kvalitet. Breidda i behandlingstilbod gjev deg særleg god erfaring innan avansert handtering av vanskelege luftvegar og ultralydrettleia nerveblokadar. Me har kapasitet til kortare respiratorbehandling og samarbeidar tett med Intensivmedisinsk seksjon ved Haukeland universitetssjukehus når pasientar treng lengre forløp.
Voss sjukehus er lokalsjukehus med traumefunksjon for om lag 31 000 innbyggjarar i Indre
Hordaland, i tillegg til pasientar frå Bergen, indre Sogn og Hardanger.
Sjukehuset har akuttberedskap innan kirurgi, føde/gynekologi, ortopedi og indremedisin. Her møter du eit oversiktleg sjukehus med korte linjer, tett samarbeid og raske avgjerder - og om lag 400 engasjerte medarbeidarar som jobbar saman for å levere gode tenester.
Me har eit inkluderande miljø med rom for både fagleg vekst og fordjupning. Som eit ledd i å styrke anestesiavdelinga vår søkjer me etter ein medarbeidar som ønskjer å bidra til vidare utvikling av anestesifaget, og som ønskjer å jobbe og bu på Voss over tid.
Les meir om Voss sjukehus på heimesida.
Voss er mellom anna kjent for spektakulær natur og eit rikt kulturliv. Er du glad i friluftsaktivitetar eller eit variert kulturtilbod så finn du det berre nokre steinkast frå sjukehuset.
Me håpar du vil verte med oss på laget!
Arbeidsoppgåver
- Anestesifagleg aktivitet ved sjukehuset
- Inngår som viktig aktør i mellom anna traumeteam og hjertestansteam
- Delta ved nyføddresucitering og behandling av dårlege born
- Behandling og oppfølging av pasientar på Intensiv i samarbeid med relevante fagområde
- Ansvar for disponering og bruk av intensivmedisinsk kapasitet, inkludert kortvarig respiratorbehandling
- Rettleiing og undervisning av LIS3
- Internundervisning
Kvalifikasjonar
- Du har norsk spesialistgodkjenning i anestesiologi. Søkarar som nærmar seg fullført spesialisering vil òg bli vurderte - tilsetjingstidspunkt kan tilpassast der det er relevant
- Du har solid erfaring innan anestesi, intensivbehandling, traumatologi og obstetrikk. Seksjonen legg til rette for nødvendig fagleg oppdatering eller ytterlegare opplæring ved behov
- Du held deg fagleg oppdatert, har god prosedyrekunnskap og gjennomfører praktiske prosedyrar i tråd med oppdaterte retningsliner
- Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten eller annan norsktest på B2-nivå
- Det blir lagt vekt på formell vidareutdanning og ei aktiv haldning til å tileigne seg ny og moderne kompetanse, til dømes innan ultralydrettleia blokadar
Personlege eigenskapar
- Du har eit godt lag med folk og får fram det beste i dei
- Du behandlar pasientar profesjonelt og empatisk, er imøtekommande og viser respekt
- Du bidreg positivt til eit fagleg og kollegialt godt miljø
- Du har god fagleg vurderingsevne, arbeider målretta og strukturert
- Du tar personleg ansvar for at oppgåver blir gjort, tilbyr gjerne hjelp og deler raust av kompetansen din
- Du arbeider målretta og toler å stå i krevande situasjonar
- Du trivst med å arbeide i eit tverrfagleg miljø og meistrar høgt tempo
- Du trivst med å arbeide klinisk med anestesi både på dagtid og på vakttid
- Du ønskjer å bidra til vidare utvikling av anestesilegeseksjonen vår
- Ønskjeleg at du bur på Voss over tid
Vi tilbyr
- Fagleg og kollegialt godt miljø
- Støtte frå gode kollegaer om du er nyutdanna spesialist
- Variert arbeidsplass som gir moglegheit til å utvikle kompetansen sin
- 6-delt vaktordning
- Individuell tilpassing av arbeidsplan ved behov
- Høve til hospitering/jobb på andre anestesiavdelingar i Helse Bergen i 2-4 veker per år, etter avtale
- Hjelp med å finne bustad/hybel
Kontaktinformasjon
Ralf Teetzmann, Seksjonsleiar legar, +47 91151315Arbeidsstad
Sjukehusvegen 155704 Vossevangen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Bergen HFReferansenr.: 5063674042
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 23.02.2026
Annonseinformasjon
- FINN-kode 448677072
- Sist endret
