Eit vikariat som logoped
Austevoll kommune
- Frist 22.02.2026
- Ansettelsesform Fast
Blir du motivert av å gjere ein forskjell i kvardagen til barn og unge?
Om arbeidsstaden
Kommunalområdet Oppvekst er ei eining med om lag 145 tilsette og blir leia av kommunalsjef for oppvekst. I eininga inngår Austevoll ungdomsskule, Storebø skule, Selbjørn skule, private barnehagar, PPT-tenesta, helsestasjon, jordmor, barnevern og vaksenopplæring. Oppvekst har som mål å leggja til rette for gode oppvekstvilkår for barn og unge, og folkehelse og livsmeistring er eitt av fleire prioriterte satsingsområde.
PPT-tenesta har kontorlokale på Helsehuset i Austevoll kommune. Tenesta har i dag ti tilsette og er eit tverrfagleg fagmiljø som består av logoped, rådgjevarar, spesialpedagogar, ungdomslos og utøvande pedagog for barnehage. Tenesta samarbeider tett med barnehagar, skular og andre relevante instansar i kommunen.
Og veit du at dersom du bur i Austevoll kan du få sletta studiegjeld? Bur du her kan du kvart år få sletta kr 25.000,- av studielånet ditt. Dette er nytt frå januar 2025, sjå meir informasjon om ordninga på Lånekassen si heimeside: Sletting av gjeld i utvalgte kommuner (https://lanekassen.no/nb-NO/gjeld-og-betaling/sletting-av-gjeld-i-utvalgte-kommuner/#samtykke-banner)
Om stillinga
Stillinga som logoped inneber ein variert arbeidskvardag med stor grad av sjølvstende og moglegheit til å påverke eiga arbeidstid. Arbeidet er i hovudsak retta mot barn og unge, men noko oppfølging av vaksne må òg påreknast.
Du vil møte barn, unge og føresette med ulike behov, og stillinga krev god evne til fagleg vurdering, planlegging og samarbeid med barnehage, skule og andre faginstansar.
Stillinga er eit vikariat med moglegheit for forlenging.
Ansvars- og arbeidsoppgåver
- Utgreiing, kartlegging og logopedisk oppfølging av barn og unge med språk-, tale- og kommunikasjonsvanskar, inkludert stemmevanskar, taleflytvanskar, afasi og svelgevanskar. Noko arbeid med vaksne må påreknast.
- Rådgjeving og rettleiing til barnehagar, skular og føresette i arbeid med språk- og kommunikasjonsutvikling.
- Bidrag i kartleggings- og sakkunnig arbeid i PPT, mellom anna knytt til språkvanskar.
- Samarbeid med relevante faginstansar og tenester, i tråd med gjeldande lovverk og nasjonale føringar.
- Arbeidsoppgåvene kan endrast over tid i takt med tenestebehovet.
Kvalifikasjonar
Formelle kvalifikasjonskrav
Krav
- Mastergrad i logopedi, eller annan relevant utdanning som gir formell kompetanse til å arbeide som logoped i Noreg.
- Førarkort klasse B og høve til å disponere eigen bil i arbeidstida. Køyregodtgjersle blir gitt etter gjeldande satsar.
- Eventuelle internasjonale utdanningar må vere godkjende av NOKUT.
Ønskjeleg kompetanse og erfaring
- Erfaring frå logopedisk arbeid innan oppvekst- og/eller helsesektoren, til dømes frå skule, helseteneste eller PPT.
- Erfaring frå spesialpedagogisk arbeid i grunnskule eller PPT.
Personlege eigenskapar
- Fagleg engasjert og motivert for å vidareutvikle logopedisk praksis.
- Sjølvstendig og strukturert i arbeidet, med evne til å ta initiativ og følgje opp eigne saker.
- Tydelig og trygg i kommunikasjon på norsk, både munnleg og skriftleg.
- Gode samarbeidsevner og trivst i tverrfagleg arbeid og team.
- Relasjonsorientert og observant i møte med barn, føresette og samarbeidspartnarar.
Vi tilbyr
- Moglegheit for fagleg utvikling i eit godt og positivt fagmiljø
- Spennande utfordringar
- Løn etter kvalifikasjonar
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Moglegheit for heimekontor i avgrensa omfang, tilpassa arbeidsoppgåver og tenestebehov
Slik søker du
Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka "Søk stilling" på denne sida.
Det er søkar sitt ansvar å sørge for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som for eksempel attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller annan dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkar sjølv laste opp attesterte omsettingar.
Ikkje send søknad på e-post til enkeltpersonar i kommunen.
Vi gjer merksam på at i følge offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkaren bli offentleggjort sjølv om søkaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkarliste. Søkaren vil alltid bli varsla på førehand dersom søkarlista blir offentleggjort.
FerdigheterAI-generert
- Gode norsk- og engelskkunnskaper
- Kunnskap om relevante lover og forskrifter
- Logopedi
- Spesialpedagogikk
- Språkterapi
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
Austevoll er ein øykommune sør-vest i Vestland fylke. Austevoll er den største fiskerikommunen i landet med svært høg næringsaktivitet og byr på eit mangfald av spanande jobbar.
Kommunen sitt administrasjonskontor held til på kommunehuset på Storebø, cirka 5 minuttar med bil frå ferje- og snøggbåtkai.
Kommunen har eit folketal på om lag 5500 og dagleg pendlar omtrent 700 til Austevoll frå nabokommunar. Vi er rundt 450 fast tilsette som er opptatt av å gi innbyggarane våre gode kommunale tenester.
Vi kan tilby meiningsfylte og utfordrande oppgåver og gode, offentlege pensjons- og forsikringsordningar. Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk.
Vi ønsker deg velkommen som søkar til stilling i Austevoll kommune!
- Sektor: Offentlig
- Sted: Birkelandsvegen 2, 5392 Storebø
- Hjemmekontor: Delvis hjemmekontor
- Bransje: Barn, skole og undervisning, Helse og omsorg, Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Logoped, Spesialpedagog, Undervisning og pedagogikk
Annonseinformasjon
- FINN-kode 448644562
- Sist endret


