Rådgjevar ved PPT
Austevoll kommune
- Frist 20.02.2026
- Ansettelsesform Fast
Vil du bruke spesialpedagogisk kompetanse til å skape varig utvikling for barn og unge?
Arbeidsstad
Kommunalområdet Oppvekst er ei eining med omlag 145 tilsette, og blir leia av kommunalsjefen. I denne eininga inngår Austevoll ungdomsskule, Storebø skule, Selbjørn skule, private barnehagar, PPT-tenesta, helsestasjon, jordmor, barnevern, vaksenopplæringOppvekst har som mål å leggja til rette for gode oppvekstvilkår for barn og unge, difor er folkehelsa og livsmeistring eit av fleire satsingsområde.
PP-tenesta har kontorlokaler på Helsehuset i Austevoll kommune. Tenesta har i dag ti tilsette og har eit godt fagmiljø med ungdomslos, logoped, utøvande pegagog for barnehage, rådgjevarar og spesialpedagogar.
Og veit du at dersom du bur i Austevoll kan du få sletta studiegjeld? Bur du her kan du kvart år få sletta kr 25.000,- av studielånet ditt. Dette er nytt frå januar 2025, sjå meir informasjon om ordninga på Lånekassen si heimeside: Sletting av gjeld i utvalgte kommuner (https://lanekassen.no/nb-NO/gjeld-og-betaling/sletting-av-gjeld-i-utvalgte-kommuner/#samtykke-banner)
Om stillinga
Pedagogisk-psykologisk teneste (PPT) i Austevoll kommune søker rådgjevar/spesialpedagog i fast 100 % stilling. Vi ser etter deg som ønsker å bruke spesialpedagogisk kompetanse i ei sentral fagrolle, der du bidreg både i arbeid med enkeltbarn/-elevar og i utvikling av inkluderande praksis i barnehage og skule.
I stillinga får du ansvar for kartlegging, rettleiing og oppfølging av barn og elevar med særlege behov. Du arbeider tett saman med føresette, barnehage/skule og andre relevante faginstansar, og er ein aktiv bidragsytar i det tverrfaglege samarbeidet rundt barnet.
Rolla kombinerer spesialpedagogisk arbeid med rådgjevings- og systemretta oppgåver, og gir høve til både sjølvstendig fagleg arbeid og samarbeid i eit etablert PPT-team. Som rådgjevar/spesialpedagog vil du vere ein viktig fagperson i vidareutvikling av gode tenester og praksis for barn og unge i kommunen.
Ansvar- og arbeidsoppgåver
- Kartlegging og utgreiing av barn og elevar med behov for spesialpedagogisk støtte, gjennom observasjon, testing og vurdering av læringsmiljø og utviklingsbehov.
- Utarbeiding av faglege vurderingar, tilrådingar og sakkyndige vurderingar i tråd med gjeldande lovverk og nasjonale retningslinjer.
- Rettleiing og samarbeid med pedagogar, føresette og andre relevante samarbeidspartnarar for å sikre gode tiltak, inkluderande læringsmiljø og gode overgangar i barnet sitt opplæringsløp, til dømes frå barnehage til skule eller mellom skular.
- Planlegging, gjennomføring og evaluering av spesialpedagogiske tiltak, både individuelt og i grupper, inkludert dokumentasjon og rapportering.
- Deltaking i tverrfagleg samarbeid og team, der du bidreg med spesialpedagogisk kompetanse i samarbeid med barnehage, skule og andre helse- og oppveksttenester.
- Bidrag i systemretta arbeid og kvalitetsutvikling, mellom anna gjennom kompetanseheving, fagleg rettleiing og utvikling av rutinar og praksis
Kvalifikasjonar
Utdanning og erfaring
Krav til kvalifikasjonar
- Relevant høgare utdanning på bachelor- eller masternivå innan spesialpedagogikk, pedagogikk eller annan utdanning som er særleg relevant for stillinga.
- Kjennskap til relevant lov- og regelverk innan oppvekstfeltet, mellom anna opplæringslova og barnehagelova.
- Erfaring frå arbeid med barn og unge med særlege behov i barnehage, skule eller tilsvarande tenester.
- Førarkort klasse B og høve til å disponere bil i tenesta.
- Eventuelle internasjonale utdanningar må vere godkjende av NOKUT.
Ønskeleg kompetanse og erfaring
- Erfaring med kartlegging, rettleiing og/eller utarbeiding av faglege og sakkyndige vurderingar.
- Tilleggskompetanse innan rådgjeving, psykososialt arbeid, kartlegging eller arbeid med spesifikke lærevanskar.
- Erfaring frå tverrfagleg samarbeid, til dømes i samarbeid med barnehage, skule, helse- eller oppveksttenester.
Personlege eigenskapar
- God evne til å analysere behov og finne fagleg gode og praktiske løysingar.
- Trygg og tydeleg i kommunikasjonen, både skriftleg og munnleg.
- Gode samarbeidsevner og evne til å bygge tillit hjå barn, føresette og fagpersonar.
- Strukturert, sjølvstendig og løysingsorientert.
- Evne til å skape engasjement og bidra positivt i fagmiljøet
Personlege eigenskapar vil bli vektlagde
Vi tilbyr
- Moglegheit for fagleg utvikling i eit godt og positivt fagmiljø
- Spanande utfordringar
- Løn etter kvalifikasjonar
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Fagleg rettleiing
Slik søker du på stillinga
Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka "Søk stilling" på denne sida.
Det er søkar sitt ansvar å sørge for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som for eksempel attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller annan dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkar sjølv laste opp attesterte omsettingar.
Ikkje send søknad på e-post til enkeltpersonar i kommunen.
Vi gjer merksam på at i følge offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkaren bli offentleggjort sjølv om søkaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkarliste. Søkaren vil alltid bli varsla på førehand dersom søkarlista blir offentleggjort.
FerdigheterAI-generert
- Dokumentasjon
- Kunnskap om relevante lover og forskrifter
- Rapportering
- Spesialpedagogikk
- Vurderingsprosesser
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
Austevoll er ein øykommune sør-vest i Vestland fylke. Austevoll er den største fiskerikommunen i landet med svært høg næringsaktivitet og byr på eit mangfald av spanande jobbar.
Kommunen sitt administrasjonskontor held til på kommunehuset på Storebø, cirka 5 minuttar med bil frå ferje- og snøggbåtkai.
Kommunen har eit folketal på om lag 5500 og dagleg pendlar omtrent 700 til Austevoll frå nabokommunar. Vi er rundt 450 fast tilsette som er opptatt av å gi innbyggarane våre gode kommunale tenester.
Vi kan tilby meiningsfylte og utfordrande oppgåver og gode, offentlege pensjons- og forsikringsordningar. Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk.
Vi ønsker deg velkommen som søkar til stilling i Austevoll kommune!
- Sektor: Offentlig
- Sted: Birkelandsvegen 2, 5392 Storebø
- Hjemmekontor: Delvis hjemmekontor
- Bransje: Barn, skole og undervisning, Helse og omsorg, Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Lærer/Lektor, Rådgivning, Spesialpedagog
Annonseinformasjon
- FINN-kode 448638548
- Sist endret


