
Rektor Fitjar vidaregåande skule
Vestland fylkeskommune
- Frist 19.02.2026
- Ansettelsesform Fast
Rektor Fitjar vidaregåande skule
Ein spennande vidaregåande skule i Sunnhordland treng ein leiar som har evne og vilje til å utvikle skulen vidare.
Fitjar vidaregåande skule har om lag 185 elevar og 35 tilsette og tilbyr tre yrkesfaglege utdanningsprogram: helse- og oppvekstfag, restaurant- og matfag og frisør, blomar, interiør og eksponeringsdesign. I tillegg har skulen påbygg til generell studiekompetanse (vg3 og vg4) og vaksenopplæring.
Skulen sin visjon er: «Fitjar vgs skal vera ein god stad å vera og ein god stad å læra», og
tar utgangspunkt i kvar einskild elev sine føresetnadar og for å leggje til rette, inspirere og rettleie elevane slik at dei byggjer sin eigen kompetanse i samarbeid med medelevar og vaksne.
Ved skulen er det ledig stilling som rektor frå 1. august 2026.
Vestland fylkeskommune har som ambisjon og målsetting at alle elevar som tek til i vidaregåande skule skal fullføre, og at alle som er kvalifisert for det skal få læreplass.
Arbeidsoppgåver
- Vi ønskjer ein tydeleg og inkluderande rektor som vil setje retning, engasjere og samhandle for å utvikle eit framtidsretta skuletilbod og bidra til å oppfylle samfunnsoppdraget. Kompetent, open og modig er verdiane i Vestland fylkeskommune, og desse skal vere grunnlaget for all leiing.
Ansvarsområde for stillinga:
- Utvikle skulen i samsvar med mål og visjon for skuleeigar.
- Leie strategi- og utviklingsprosessar.
- Sikre eit trygt og godt skulemiljø og god medverknad frå elevane.
- Leie skulen sitt pedagogiske utviklingsarbeid og kompetanseutvikling.
- Personalleiing.
- Ivareta lokal medverknad, eit godt arbeidsmiljø og kulturbygging
- Økonomistyring.
Kvalifikasjonar
Den som vert tilsett må stette dei formelle krava i Opplæringslova § 17-2: ”Ein skole skal leiast av ein rektor. Rektoren skal ha pedagogisk kompetanse, ta del i den daglege verksemda og arbeide med utviklinga av verksemda”.
Det er ønskjeleg at du:
- Set elevane si læring og deira utvikling i sentrum for skulen sitt arbeid.
- Har god kjennskap til vidaregåande opplæring.
- Har praksis frå utviklingsarbeid og god gjennomføringsevne.
- Markerer skulen som ein sentral utdanningsinstitusjon i lokalmiljøet og arbeider heilskapleg og forpliktande saman med lokalt arbeidsliv.
- Har gode leiareigenskapar, relevant leiarerfaring og gjerne leiarutdanning.
- Byggjer eit sterkt fagleg profesjonsfellesskap og ein verdibasert kultur som heile tida søkjer vidare utvikling.
- Opptrer tydeleg som arbeidsgivar og gjennomfører politiske og administrative vedtak.
Erfaring utanfor opplæringssektoren kan òg vektleggjast.
Personlege eigenskapar
Din leiingspraksis er kjenneteikna av at du:
- Er open, nytenkjande og tillitsskapande- Har evne til å arbeide målretta, systematisk og løysingsfokusert
- Har gode kommunikasjonsevner og evne til å skape tryggleik i krevjande situasjonar
- Har gode samarbeidsevner og er sosial og inkluderande
Vi tilbyr
- Givande arbeid med ungdom og vaksne i vidaregåande opplæring i eit arbeidsmiljø med høg fagleg kompetanse.- Deltaking og fellesskap i rektorkollegiet og leiarutviklingsprogram.
- Løn etter avtale.
- Fylkeskommunale tilsetjingsvilkår med gode pensjons- og forsikringsordningar.
Vestland fylkeskommune har høg kompetanse på utvikling, leiing og styring av dei vidaregåande skulane. Vi legg vekt på godt samarbeid, tett kontakt, dialog og oppfølging mellom rektorane og direktør for opplæring og kompetanse.
TTilsetting skjer på grunnlag av lov- og avtaleverk og føreset godkjent politiattest. Stillinga har seks månader prøvetid. Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste, vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.
For opplysningar om stillinga kan du kontakte områdeleiar Øyvind H. Oddekalv, oyvind.helland.oddekalv@vlfk.no, mobiltelefon 913 17 450
FerdigheterAI-generert
- Økonomistyring
- Utdanningsledelse
- Utviklingsarbeid
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.
Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.
Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Havnavegen 2, 5419 Fitjar
- Bransje: Barn, skole og undervisning
- Stillingsfunksjon: Rektor / Ass. Rektor
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
ledelse, leiing, rektor, skole, skule
Annonseinformasjon
- FINN-kode 448533090
- Sist endret