Lærar - vikariat og tilkalling
Oppvekst, Gloppen kommune
- Frist 15.2.2026
- Ansettelsesform Vikariat
Gloppen ungdomsskule har ledig vikariat for lærar i 100 % stilling frå snarast og ut skuleåret 25/26.
Mindre stillingsprosentar kan og vere aktuelt og for delar av perioden.
Det vert tilsett fortløpande om aktuelle søkjarar melder seg.
Dei fleste skulane i Gloppen har behov for tilkallingsvikarar - ta kontakt med den einskilde skule eller søk her så får alle tilgang.
Gloppen ungdomsskule er ein 8. - 10. klasse skule med rundt 215 elevar. 3 klasser på kvart trinn.
Gloppen kommune har tre barneskular, ein 1-10-skule og ein ungdomsskule. I tillegg har vi eit opplæringssenter med norskopplæring for vaksne innvandrarar og flyktningar og førebuande opplæring for vaksne. Skulane i Gloppen jobbar tett saman med fokus på fagleg og sosial utvikling. Kommunen satsar på Betre Tverrfagleg Innsats (BTI) og Inkluderande barnehage- og skulemiljø. Vi har prosjekt med Høgskulen i Vestland (Dekomp) og Læringssenteret i Stavanger om blant anna desse tema.
Administrasjonsmålet er nynorsk.
Arbeidsoppgåver
- undervisning
Kvalifikasjonar
Vi ønskjer lærarar som har:
- Godkjend pedagogisk utdanning for arbeid som grunnskulelærar 1-7./5.-10.
- Spesialpedagogisk kompetanse og basisfaga.
- Digital kompetanse.
- God kommunikasjonsevne med stødig nynorsk rettskriving og godt norsk talemål.
- Undervisningserfaring, god kompetanse på klasseleiing og røynsle som kontaktlærar.
Personlege eigenskapar
- evne til samarbeid og bidrag til godt arbeidsmiljø
- relasjonskompetanse
- inkluderande klasseleiing
Vi tilbyr
- løn etter tariff i samsvar med godkjend utdanning og praksis
- variert arbeid i positivt miljø i skular med høg fagleg standard
- tilsetjing på vanlege kommunale vilkår
Kontaktinformasjon
Per Arne Strand, Kommunalsjef Oppvekst, +47 957 78 875Ragnhild Laila Bruvoll, Rektor Gloppen ungdomsskule, 418 03 716
Arbeidsstad
Grandavegen 96823 Sandane
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Gloppen kommuneReferansenr.: 5071602812
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Søknadsfrist: 15.02.2026
Annonseinformasjon
- FINN-kode 448487991
- Sist endret
