Avdelingsleder
Nav, Region Bergen
- Frist 13.2.2026
- Ansettelsesform Fast
Vert du motivert av å leie dyktige medarbeidarar som jobbar for eit viktig samfunnsoppdrag? Då kan du vere avdelingsleiaren vi leitar etter!
Nav region Bergen søkjer ein ny avdelingsleiar til vår regionale avdeling for Individuell jobbstøtte (IPS). IPS er ein metode som støttar personar med psykiske helseutfordringar i å få og halde på ordinært arbeid eller utdanning, gjennom tett oppfølging i samarbeid med behandlingsapparatet.
Avdelinga består av om lag 25 engasjerte jobbspesialistar i Nav, i tillegg til jobbspesialistar i Bergen kommune som inngår i fagmiljøet. Som avdelingsleiar vil du ha arbeidsstad ved Nav Bergen Sentrum og ansvar for medarbeidarar som jobbar i ulike team og på DPS i Bergen og omegn.
I søknaden ber vi deg seie noko om kva som motiverer deg for rolla, og kva kunnskap du har om IPS-modellen.
Som avdelingsleiar blir du ein viktig del av leiargruppa i regionen. Du skal drive utvikling, skape resultat og sikre gode leveransar – i eit Nav som er i kontinuerleg endring. Du vil rapportere til avdelingsdirektør/regionleiar.
Er du klar til å leie ei avdeling som gjer ein reell forskjell for menneske? Då vil vi gjerne høyre frå deg!
Kva går jobben ut på?
- leiing, drift og utvikling av tenester etter IPS metodikken
- personalansvar for avdelinga sine medarbeidarar
- utvikle kultur for læring, refleksjon og forbetring
- resultat- og rapporteringsansvar for avdelinga
- bidra til utvikling av IPS-modellen
- utstrekt kontakt med samarbeidspartar
Stillinga inngår i leiargruppa ved regionkontoret i Nav Bergen.
Kva kompetanse er viktig i denne rolla?
Du må ha
- høgare relevant utdanning på bachelornivå. Relevant utdanning og/eller arbeidserfaring kan kompensere for utdanningskravet.
- erfaring med leiing og personalansvar
- gode munnlege og skriftlege ferdigheiter i norsk
Det er ein fordel om du har
- relevant arbeidserfaring innan avdelinga sitt arbeidsområde som for eksempel jobbspesialist, rekruttering, marknadsarbeid eller anna
- erfaring med utvikling av tenester
- erfaring frå samarbeid med helse
Kva ser vi etter hos deg
- tydeleg og trygg leiarstil
- løysingsorientert og strategisk
- gode relasjonsbyggande ferdigheiter
- evne til å inspirere og motivere medarbeidarar
- er systematisk, metodisk og involverande i drift og utvikling av tenesta
Kvifor velje oss
- spennande og meiningsfylte arbeidsoppgåver innanfor eit viktig samfunnsområde
- unik moglegheit til å skape noko nytt, og byggje eit godt arbeids- og tenestefellesskap
- eit engasjert og triveleg arbeidsmiljø med gode kollegaer
- fleksibel arbeidstid
- tilsetting i stillingskode 1407 avdelingsleiar med lønnspenn frå kr. 790 000 til kr. 850 000 per år. For særleg kvalifiserte søkarar kan høgare løn vurderast.
- god pensjonsordning, låneordning og forsikringar gjennom Statens pensjonskasse
Les meir om Nav som arbeidsgivar
Kontaktinformasjon
Mette Johnsen Bentdal, Regionleder, 41184104, mette.johnsen.bentdal@nav.noArbeidsstad
Møllendalsveien 6-8Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: NavReferansenr.: 5069349341
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 13.02.2026
Annonseinformasjon
- FINN-kode 448371996
- Sist endret



