Rådgjevar/seniorrådgjevar - utdanning
Statsforvaltaren i Vestland
- Frist 02.02.2026
- Ansettelsesform Fast
Vil du bruke jussen til å styrkje rettane til barn og unge?
Om stillinga
Statsforvaltaren har ansvar for å sikre at nasjonal utdannings- og barnehagepolitikk vert gjennomført i kommunane, og at barn og elevar får dei rettane dei har krav på. Arbeidet vårt spenner frå klagehandsaming og rettleiing til tilsyn med kommunane sin praksis.
Utdannings- og verjemålsavdelinga har no ei fast stilling ledig i forvaltningsseksjonen. Her jobbar tilsette med juridisk, pedagogisk, samfunnsfagleg og administrativ kompetanse tett saman - i eit miljø der faglege perspektiv møtest og utviklar kvarandre.
Vi ser etter ein jurist som er interessert i barn og elevar sine rettar knytt til utdanning.
Viktige arbeidsoppgåver for Statsforvaltaren er sakshandsaming knytt til rettar for barn og elever med særskilte behov, handsaming av saker om skulemiljø, og rettleiing om skule- og barnehagemiljø. I tillegg vil dei som vert tilsett arbeide med andre saker og rettleiing knytt til opplæringslov, barnehagelov og forvaltningsrett.
Statsforvaltaren i Vestland er lokalisert i Leikanger, Bergen og Førde, denne stillinga høyrer til i Bergen.
Arbeidsoppgåver
I stillinga vil du mellom anna
- handsame klagesaker etter opplæringslova og barnehagelova, særleg saker knytt til skulemiljø
- rettleie kommunar, skuler, barnehagar og privatpersonar i spørsmål om regelverket
- løyse saker og problemstillingar etter forvaltningsretten
Kvalifikasjonar
For å jobbe hos oss må du ha
- Cand. Jur. / master i rettsvitskap
- god forståing for offentleg forvaltning og kommunesektoren
- interesse for utdanningsfeltet og barn sine rettar
- god skriftleg og munnleg framstillingsevne, på nynorsk og bokmål
Personlege eigenskapar
Vi ønskjer oss ein kollega som
- arbeider strukturert, tek ansvar og held fristar
- kan formidle komplekse problemstillingar på ein tydeleg og forståeleg måte
- trivst med samarbeid og faglege diskusjonar
- ønskjer å bidra aktivt i utviklingsarbeid og fagleg vidareutvikling
Som tilsett hos Statsforvaltaren får du
- interessante arbeidsoppgåver
- eit kompetent og tverrfagleg arbeidsmiljø
- ein arbeidsplass i utvikling
- medlemskap i Statens pensjonskasse med god pensjonsordning, gunstig bustadlån og forsikringsordning
- trening i arbeidstida
- delvis heimekontor
- fleksibel arbeidstid
- løn i samsvar med vår lokale lønspolitikk
Vil du jobbe hos oss? | Statsforvaltaren i Vestland (https://www.statsforvalteren.no/nn/vestland/om-oss/vil-du-jobbe-hos-oss/)
Vi ønskjer mangfald
Statsforvaltaren ønskjer mangfald, og vil leggje til rette for eit inkluderande arbeidsliv. Aktuell tilrettelegging kan for eksempel vere tekniske hjelpemiddel, tilpassing av møblar eller endringar av rutinar, arbeidsoppgåver og arbeidstid.
Vi meiner at inkludering og mangfald er ein styrke. Vi ønskjer tilsette med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra til endå betre oppgåveløysing.
Vi oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje utan omsyn til alder, kjønn, nasjonal eller etnisk bakgrunn, funksjonsevne eller hol i CV-en. Vi oppmodar om å krysse av i jobbsøkjarportalen dersom du har nedsett funksjonsevne, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn. Dersom det er kvalifiserte søkjarar frå desse gruppene kallar vi inn minst ein søkjar i kvar av gruppene til intervju.
Vilkår
Alle som søkjer stillinga må søkje digitalt gjennom rekrutteringsportalen Jobbnorge. Du må laste opp relevante vitnemål og attestar. Vitnemål og/eller karakterutskrifter hentar du frå vitnemålsportalen i Jobbnorge. Har du utdanning frå utlandet legg du ved godkjenning frå HK-dir (https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet).
Når søknadsfristen er ute, vurderer vi søknaden din på bakgrunn av informasjonen du har sendt oss. Det er derfor viktig at du både i søknadsbrevet og CV-en, viser korleis kompetansen din fyller krava som er sett i utlysinga.
Stillinga er lønna i stillingskode 1434 rådgjevar/1364 seniorrådgjevar, frå kr 610 000-770 000 brutto per år ut frå kvalifikasjonar og lokal lønnspolitikk. Stilling som seniorrådgjevar har strenge krav til kompetanse. For særskilt kvalifiserte søkjarar kan vi vurdere høgare lønn.
Dei første seks månadane er prøvetid. Du kan lese meir om det i statens personalhandbok (https://www.regjeringen.no/no/dokumenter/statens-personalhandbok/id3081747/).
Tenestemålet til embetet er nynorsk.
Offentleg søkjarliste blir utarbeidd etter søknadsfrist. Dersom du ønskjer å reservere deg frå oppføring må du grunngje dette. Du får varsel om reservasjon i rekrutteringsportalen dersom reservasjon ikkje blir teken til følgje.
FerdigheterAI-generert
- Bokmål
- Forskrifter
- Forvaltningsarbeid - Kommunalt
- Gode norsk- og engelskkunnskaper
- Juss
- Norsk forvaltningsrett
- Nynorsk
- Offentlig administrasjon og forvaltning
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
Statsforvaltaren har eit heilskapsansvar for all statleg verksemd i fylket, og skal følgje opp vedtak, mål og retningslinjer frå stortinget og regjeringa. Vi skal dessutan fremje fylket sine interesser, og kan dermed ta initiativ både lokalt og overfor sentrale styringsmakter.
Statsforvaltaren kjenner kommunane, og er i kontakt med mange enkeltmenneske i ulike situasjonar og livsfasar.Vi jobbar heile tida for at omverda skal oppleve Statsforvaltaren som tilgjengeleg, nær og løysingsorientert.
Statsforvaltaren i Vestland er ein spennande arbeidsplass med seks avdelingar og kring 280 tilsette. Vi har delt lokalisering mellom Leikanger, Bergen og Førde – med hovudsete i Leikanger.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Solheimsgaten 13, 5058 Bergen
- Hjemmekontor: Delvis hjemmekontor
- Bransje: Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Jurist, Saksbehandler
Annonseinformasjon
- FINN-kode 445926511
- Sist endret

