Avdelingsleder
Nav, Region Bergen
- Frist 13.2.2026
- Ansettelsesform Fast
Vil du vere med og forme framtidas tenester i Nav region Bergen – og leie eit lag av dyktige og motiverte medarbeidarar? Då er du leiaren vi ser etter!
Nav region Bergen er ein del av Nav Vestland. I Bergen har vi fire Nav-kontor og fleire regionale avdelingar. No søkjer vi ein avdelingsleiar til Tenesteinnovasjon – ei avdeling som spelar ei nøkkelrolle i utviklinga av framtidsretta løysingar for innbyggjarar og arbeidsgivarar.
Kva gjer vi?
Avdelinga Tjenesteinnovasjon utviklar og leverer tenester i tråd med NAV sitt samfunnsoppdrag. I avdelinga arbeider 15 engasjerte og dedikerte fagpersonar innan arbeidsgivartenester, marknadsarbeid, tiltak og kvalifisering. Avdelinga har eit tett samarbeid med fylkeskommunen og andre viktige partnarar i regionen.
Kva blir di rolle?
Som avdelingsleiar skal du, saman med resten av leiargruppa, drive utvikling, skape resultat og sikre gode leveransar i Nav region Bergen. Du får høve til å påverke, inspirere og bidra til at vi når måla våre – til beste for både arbeidsgivarar og arbeidssøkjarar. Du vil rapportere direkte til avdelingsdirektør/regionleiar.
Nav er i kontinuerleg endring, så du må trivast med utvikling og vere klar for nye utfordringar.
Er du klar til å ta leiarskap i ei avdeling som gjer ein forskjell? Då vil vi gjerne høyre frå deg!
Kva går jobben ut på?
- leiing, drift og utvikling av tenester
- personalansvar for avdelinga sine medarbeidarar
- utvikle kultur for læring, refleksjon og forbetring
- resultat- og rapporteringsansvar for avdelinga
- utstrekt kontakt med arbeidsgjevarar og samarbeidspartnarar
Stillinga inngår i leiargruppa ved regionkontoret i Nav Bergen.
Kva kompetanse er viktig i denne rolla?
Du må ha
- høgare relevant utdanning på bachelornivå. Relevant utdanning og/eller arbeidserfaring kan kompensere for utdanningskravet.
- erfaring med leiing og personalansvar
- god forståing av arbeidsmarknad og offentleg forvaltning
- evne til å drive utviklingsarbeid og skape resultat
- gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- gode munnlege og skriftlege ferdigheiter i norsk
Kva ser vi etter hos deg
- tydeleg og trygg leiarstil
- løysingsorientert og strategisk
- gode relasjonsbyggande ferdigheiter
- evne til å inspirere og motivere medarbeidarar
Kvifor velje oss
- spennande og meiningsfylte arbeidsoppgåver innanfor eit viktig samfunnsområde
- unik moglegheit til å skape noko nytt, og byggje eit godt arbeids- og tenestefellesskap
- eit engasjert og triveleg arbeidsmiljø med gode kollegaer
- fleksibel arbeidstid
- tilsetting i stillingskode 1407 avdelingsleiar med lønnspenn frå kr. 790 000 til kr. 850 000 per år. For særleg kvalifiserte søkarar kan høgare løn vurderast.
- god pensjonsordning, låneordning og forsikringar gjennom Statens pensjonskasse
Les meir om Nav som arbeidsgivar
Kontaktinformasjon
Mette Bentdal, Regionleder, 41184104, mette.johnsen.bentdal@nav.noArbeidsstad
Møllendalsveien 6-8Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: NavReferansenr.: 5064990015
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 13.02.2026
Annonseinformasjon
- FINN-kode 448371442
- Sist endret


