Ferievikarar pleie og omsorg
Tysnes kommune
- Frist 22.3.2026
- Ansettelsesform Sommer/Sesong
Tysnes kommune søker engasjerte ferievikarar innan pleie og omsorg - kanskje er dette sommarjobben for deg.
Me treng ferievikarar for sjukepleiarar, vernepleiarar, fagarbeidarar og assistentar. Hos oss får du ein spennande og meiningsfull sommarjobb der du møter menneske med ulike behov for hjelp og støtte.
Aktuelle tenesteområde er:
- Heimesjukepleie
- Heimehjelpstenesta
- Tysnes omsorgssenter (dagsenter, pleie, reinhald og kjøkken)
- Bufelleskap for menneske med utviklingshemming
Du må vere fylt 18 år og kunne arbeide minst 4–6 samanhengande veker i perioden veke 25–33, fortrinnsvis i vekene 27–30. Som ferievikar hos oss styrker du òg moglegheitene dine for vidare vikararbeid gjennom året. Skriv gjerne litt om interessa di for dette i søknaden.
Vi ber om at attestar og vitnemål blir lasta opp samtidig som du sender inn søknaden.
Arbeidsoppgåver
Som ferievikar vil du utføre arbeidsoppgåver innan dei ulike tenesteområda, tilpassa kompetansen og erfaringa di. Du får naudsynt introduksjon og opplæring før oppstart.
Aktuelle arbeidsoppgåver kan vere:
- å yte helse- og omsorgstenester
- å støtte brukarane i deira fysiske, psykiske og sosiale behov, i tråd med individuelle planar
- å dokumentere i fagsystem
Arbeidstid
Hovuddelen av stillingane inngår i turnus, inkludert helgearbeid fortrinnsvis kvar 2. helg. Me har behov for ferievikarar som kan arbeide både dag, kveld og natt.
Kvalifikasjonskrav
Me søker ferievikarar med ulik utdanningsbakgrunn og kompetanse, mellom anna:
- sjukepleiarar/vernepleiarar
- helsefagarbeidarar / hjelpepleiarar / omsorgsarbeidarar
- assistentar
- kjøkkenpersonale
Felles for stillingane er at det er ønskeleg med erfaring frå brukargruppa, og at du har gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg. For arbeid i heimetenesta er det krav om førarkort klasse B.
Dersom du får tilbod om stilling og takkar ja, er det krav om politiattest i tråd med helse- og omsorgstenestelova § 5‑4, samt eigenerklæring for tuberkulose og MRSA.
Personlege eigenskapar
Me ser etter deg som er:
- engasjert, trygg og omsorgsfull
- rask til å sette deg inn i nye arbeidsoppgåver
- god til å kommunisere
- ansvarsbevisst og sjølvstendig
- ein lagspelar som bidreg til eit godt arbeidsmiljø
Personlege eigenskapar vert vektlagt.
Kvifor skal du jobba hos oss?
Hos oss får du faglege og varierte arbeidsoppgåver i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø. Du får høve til å utvikle eigen kompetanse innan ulike fagområde i eit triveleg og tverrfagleg samarbeid.
Når du blir tilsett, får du opplæring tilpassa avdelinga du skal jobbe på.
Stillingsstorleik vil variere, men me vil prøve å gje ferievikarar så høg stillingsprosent som mogleg, gjerne opp mot 100 %. Lønn blir gitt etter gjeldande hovudtariffavtale.
Tysnes kommune har eigen lønnsstige for studentar innan relevante fagområde. For helse gjeld dette til dømes sjukepleie-, vernepleie-, ergoterapi- og medisinstudentar. Ordninga gjeld for deg som kan dokumentere at du har fullført minst eitt år av studiet.
Me tilbyr også ei stipendordning dersom du etter ferievikariatet ønsker å halde fram i ei helgestilling hos oss medan du studerer. Du kan lese meir om ordninga på nettsida til Tysnes kommune: Studentavtale - Tysnes kommune
Mangfaldserklæring
Tysnes kommune ønsker å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Me oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søke ledige stillingar uavhengig av kjønn, alder, funksjonsnedsetting eller fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Me ønsker å legge til rette for ei inkluderande rekruttering.
Annonseinformasjon
- FINN-kode 448196003
- Sist endret
