Undervisningsstilling: Kunst og handtverk
Alver kommune
- Frist 08.02.2026
- Ansettelsesform Vikariat
VIl du undervise i kunst og handtverk på skulen vår?
Om stillinga /Knarvik ungdomsskule
Ledige vikariat frå snarast til - 31.07. 2026 .
Fag vi treng:
- Kunst og handtverk
- evt. ITO (Spes.ped)
Innafor stillinga kan det bli andre sosialpedagogiske oppgåver. Det er og ønskjeleg med erfaring og kompetanse innan individuell tilrettelagd opplæring.
Tilsetting snarast mogeleg.
Knavik ungdomsskule er ein fantastisk stad å jobbe! Den ligg sentralt i Knarvik, 25 min å kjøre frå Bergen sentrum. Det er god offentleg transport . Skulen tilbyr eit inkluderande og engasjerande læringsmiljø.
Vi har over 360 elevar, og har eit stort og godt kollegium.
Arbeidsoppgåver
I denne rolla vil du få moglegheita til å utøve verdas beste og viktigaste jobb - undervisning!
Du vil vere med på å skape eit inkluderande og støttande skulemiljø der elevane trivst og lukkast. Saman med vårt engasjerte team vil du samarbeide om felles skuleutvikling og bidra til å leggje til rette for eit sterkt samarbeid mellom skulen og heimen.
Kvalifikasjonskrav
Det er ønskjeleg med undervisningskompetanse i hovudsak kunst og handverk, engelsk, norsk , spes.ped.. Gjerne med erfaring frå undervisning og klasseleiing.
Ønskt kompetanse
Vi søkjer lærarar som:
- Har undervisningskompetanse i faga nemnt inneliingsvis
- God på klasseleiing
- Er fagleg bevisst, godt førebudd og har planlagt undervisninga både aleine, og i lag med kollegaar.
- Har god innsikt i lærarrolla og skulen som organisasjon
- Er synleg i skulen sine ulike møteplassar
- Bidreg til å utvikla skulen sitt positive arbeidsmiljø
- Har gode kommunikasjonsevner og er ein tydeleg og venleg vaksen.
- Er opptatt av ein inkluderande undervisningspraksis med høg grad av elevaktivitet og elevmedverknad
- Aktivt samarbeider med kollegaar og skuleleiinga om utvikling av læringsmiljø og læringsutbyte
Alver kommune har nynorsk som målform. Søkar må grunnleggande ferdigheiter i norsk munnleg og skriftleg.
I tråd med opplæringslova vert det stilt krav om politiattest ved tiltrede
Vi tilbyr
Hjå oss får du moglegheita til å vere ein del av eit engasjert og dyktig lærarteam. Du vil jobbe saman med flotte elevar og vaksne som vil inspirere deg kvar dag. Vi tilbyr løn etter avtaleverket, som reflekterer dine kvalifikasjonar og erfaring.
Vi ser fram til å ønskje deg velkommen som ein verdifull tilvekst til vårt lærarteam.
Søk no og bli med på å forme våre elevar sin framtid!
Me er Alver
Me får vere der frå aller fyrste stund, og vi får følgje deg gjennom livet!
Video: https://www.youtube.com/watch?v=_xHE9zF24G4&ab_channel=Alverkommune
FerdigheterAI-generert
- Norsk
- Spesialpedagogikk
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
Alver kommune - Ein spennande organisasjon for engasjerte og kompetente medarbeidarar!
Velkomen til Alver kommune, ein kommune som har vakse til å bli ein av dei største kommunane i fylket. Med om lag 30 000 innbyggjarar og 2 700 dedikerte tilsette, har vi eit sterkt samfunn som søkjer å løyse utfordringar og utvikle seg vidare.
Vår plassering nord for Bergen gir oss privilegiet av ei variert og fascinerande natur. Frå rolege fjordar og opne havområde til majestetiske fjell og lokale toppar, byr Alver kommune på ei rekkje utandørs opplevingar. Vi er også stolte av å huse verdas beste korps og vere vertskap for eit rikt kulturliv.
Vi verdset meiningsfulle oppgåver og ser på kvar einaste medarbeidar som ein verdifull bidragsytar til vårt viktige samfunnsoppdrag. Som ein del av vårt team vil du få moglegheita til å engasjere deg og bruke din kompetanse til å forme framtida til vår kommune. Vi legg vekt på å skape eit arbeidsmiljø der du kan bløme og utvikle deg. Alver kommune har heiltidskultur som satsingsområde i heile organisasjonen.
Bli med på vårt eventyr i Alver kommune, der vi søkjer etter dedikerte og dyktige menneske som ønsker å vere ein del av vår felles suksesshistorie. Vi ser fram til å ønskje deg velkommen og gi deg ei meiningsfull og givande karriere hos oss.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Juvikstølen 17, 5916 Isdalstø
- Bransje: Barn, skole og undervisning
- Stillingsfunksjon: Undervisning og pedagogikk
Annonseinformasjon
- FINN-kode 448178686
- Sist endret



