Sommerjobb ved Hardangerfjorden?
Hardanger Fartøyvernsenter ved Hardanger og Voss museum
- Frist 28.2.2026
- Ansettelsesform Sommer/Sesong
Er du glad i folk, historie og maritime miljø?
Hardanger Fartøyvernsenter søkjer etter vertskap som kan bidra til å gje våre gjester unike opplevinger.
Sommarjobb hjå oss er variert, sosialt og lærerikt!
Hva vi ser etter
God stemning og godt miljø er viktig for oss. Derfor ser me etter deg som er glad i å formidle, og trivst i vertskapsrolla.
Du må ikkje vere ekspert på båtbygging eller tradisjonshandverk, me gir deg opplæringa du treng!
Me trur at både studentar, skuleelevar og vaksne kan trivast med sommarjobb på Hardanger Fartøyvernsenter.
Det er ønskjeleg at du:
-
Snakkar godt norsk og engelsk. Kan du fleire språk er det ein bonus.
-
Er punktleg, ansvarsbevisst, kan arbeide sjølvstendig og tek initiativ.
-
Har lyst til å lære, og likar å snakke med folk.
-
Trivst med, til tider, høgt tempo.
-
Kjenner deg igjen i våre verdiar: Truverdig, raus og engasjert.
#sommerjobbivest
Arbeidsoppgaver
Du får ei viktig rolle i å formidle levande handverkstradisjonar, og stillingane har kombinerte roller som omvisar, museumsvert og kafémedarbeidar.
Arbeidsoppgåver vil inkludere mellom anna:
-
Omvising: Formidling av senteret si historie, båtbygging og fartøyvern til besøkande turistar.
-
Museumsvert: Møte gjester, selje billettar og informere om aktivitetane på området.
-
Kafé og butikk: Servering av enkel mat som kaffi og kaker, og sal av gjenstandar frå museumsbutikken vår.
-
Resepsjon: Ta imot gjester, selje billettar og informere om alt Fartøyvernsenteret har å by på.
-
Aktivitetar: Hjelpe til med aktivitetar i tunet på Hardanger Fartøyvernsenter.
Vi tilbyr
-
Ein unik arbeidsplass i vakre omgjevnader, i eit nasjonalt senter for fartøyvern.
-
Gode kollegaer, og eit inkluderande arbeidsmiljø.
-
Full opplæring.
-
Hardanger og Voss museum er tilknytta tariffavtalen "Landsoverenskomsten for museer og andre kulturinstitusjoner".
-
Hovudsesong frå juni til august.
-
Noko arbeid kan påkomma i påskeveka.
-
Individuelle avtalar om arbeidsperiode.
-
Turnus med helgearbeid.
Annonseinformasjon
- FINN-kode 448067862
- Sist endret



