Sommarjobb i Nordfjord
Veidekke Entreprenør As Fo Vest Avd Sandane
- Frist 30.4.2026
- Ansettelsesform Sommer/Sesong
Vil du prøve deg som tømrar eller ingeniør i sommar?
Hva vi ser etter
Vi søker vi elevar/lærlingar og studentar til sommarjobb til vårt prosjekt Skram Skule i Måløy frå juni - august 2026. Vi ser etter deg som skal bli tømrar eller betongarbeidar og går på byggfag, eller deg som studerar for å bli byggingeniør.
Vi ser etter deg som tek initiativ, likar utfordringar, menneske og teamarbeid. Du er interessert i kva ein utførande entreprenør gjer og har lyst til å bli betre kjent med oss i Veidekke.
Du må like å prøve nye ting, for vi kjem til å gje deg varierte oppgåver - om nokre er enkle, vil andre vere meir utfordrande. Om du veit at løysingar blir enda betre når du løyser dei i lag med andre, då trur vi du vil trivast i vår gjeng sommaren 2026. Vi likar å ha det kjekt på jobb i Veidekke. Vi meiner det er samanheng mellom trivsel og kvalitet i arbeidet vi utfører og ein trygg og sikker arbeidsplass. Vi har sjølvsagt bransjen sine dyktigaste og hyggelegaste folk hos oss!
Arbeidsoppgaver
Veidekke er Norge sitt største entreprenørselskap med bygge- og anleggsprosjekt over store delar av landet. Ein sommarjobb hos oss vil gjere deg godt kjend med våre prosjekt og produksjon. Her får du stifte kjennskap til mange av våre fag og folk, og du får eit godt innblikk i korleis vi jobbar.
Variasjon er nøkkelordet for ein sommarjobb hos oss. Alle prosjekt er ulike. Vi kan ikkje love deg alt, men du vil få eit innblikk i livet som fagarbeidar. Vi ynskjer at du skal bli kjent med vår produksjon og få vere med våre fagarbeidarar på ein eller flere produksjonsoppgåver. Er du ingeniørstudent kan du få bryne deg på ulike fag og oppgåver innan område som driftsoppfølging, HMS og kvalitetssikring.
I Veidekke jobbar vi med prosjekt og kontrakter heilt frå planleggingsstadiet til ferdigstilling. Det gir deg eit innblikk i og erfaring med særs mange fag, og ein kompleksitet som du kun finn hos entreprenørselskapa. I Veidekke er vi spesialistar på heile leveransen til ein kunde og vi elskar fag, kompleksitet og samspel mellom menneske på alle nivå. Så det er fint om du tenker at det høyres spennande ut!
Praktisk info til deg som søker
Ein sommarjobb kan du ha frå juni og ut august. Oppstart og varigheit kan variere og vert avtalt nærare på intervju. Her er det fint om du veit kor lenge og når du kan starte opp i jobben. Hos oss jobbar du vanleg arbeidsveke (5 dagars-veke) og bur normalt heime.
Søknadsfrist: 30. april 2026. Vi har fortløpande opptak, så eit godt tips er å vere tidleg ute med å søke. Legg gjerne ved CV-en din og foreløpige karakterar.
#Sommarjobb #SommarjobbNordfjord
Vi tilbyr
Ein sommarjobb hos oss vil gje deg praktisk erfaring som du kan ta med deg vidare. Både du og vi skal få utbytte av jobben du gjer. Og det er ikkje hemmeleg at vi nytter sommarjobbane til å vurdere eigna elevar og studentar som lærlingar eller til Veidekke sitt program for nyutdanna på eit seinare tidspunkt. Ein sommerjobb er difor både ein lærerik erfaring og ein inngangsport til jobb hos oss seinare. Lønn vert fastsett etter satsar for alder, utdanningsløp og kor langt du er kome i studiane.
Annonseinformasjon
- FINN-kode 448066013
- Sist endret

