Ramsdal Maskin søkjer fleire kollegaer
Ramsdal Maskin AS
- Frist Snarest
- Ansettelsesform Fast
Maskinførar, lastebilsjåfør, anleggsleiar
Vil du jobbe i ei solid verksemd med moderne utstyr og spanande prosjekt? Ramsdal Maskin er totalleverandør av anleggstenester med brei erfaring innan grunnarbeid, VA, veg, sprenging, transport og vintervedlikehald. Du vil jobbe med spanande prosjekt og byggje framtida saman med oss.
Ramsdal Maskin er i gang med å byggje nytt industribygg i Eikefjord. Eikefjord vil då vere basen der vi vil ha alle nødvendige fasilitetar for å drive effektivt ut på prosjekt.
Vi søker:
GRAVEMASKINFØRAR
Du vil jobbe på både små og store prosjekt innan grunnarbeid, VA og veg, primært lokalt - men reising kan forekomme.
Vi ser etter deg som:
Har relevant fagbrev eller erfaring frå bransjen
Er strukturert, sjølvstendig og løysingsorientert
Har evne til å jobbe både sjølvstendig og i team
Har teikningsforståing
Praktisk sand og ansvarskjensle
Kan kommunisere godt på norsk
Har førarkort klasse B (BE er ein fordel)
LASTEBILSJÅFØR
Du vil køyre moderne køyretøy og jobbe tett på våre prosjekt. Primært køyring i Sunnfjord-området. Du vil inngå i fast vaktplan for vintervedlikehald.
Vi ser etter deg som:
Har førarkort klasse CE og YSK
Fagbrev eller erfaring frå bransjen
Praktisk sand og ansvarskjensle
ANLEGGSLEIAR
Du får ansvar for planlegging, gjennomføring og oppfølging av prosjekt - ei nøkkelrolle mellom våre kundar, våre tilsette og eigarar.
Vi ser etter deg som:
Har relevant utdanning eller erfaring frå bransjen
Er strukturert, sjølvstendig og løysingsorientert
Har interesse og kontroll på HMS, framdrift og økonomi
Gode kommunikasjonsevner
Likar å ta ansvar og sjå moglegheitene
Har førarkort klasse B (BE er ein fordel)
VI VERDSETTER:
Punktlegheit og pliktoppfyllande
Godt humør som bidrar til eit positivt arbeidsmiljø
Har sikkerheit i fokus
Likar variert arbeid og kan ta i eit tak der det trengs
KVA KAN DU FORVENTE HOS OSS?
Fast stilling i ei trygg og lokal verksemd
Interessante og varierte prosjekt
Moderne maskiner og utstyr
Gode løns- og forsikringsordningar
God pensjonsordning (AFP)
Moglegheiter for utvikling
Har du spørsmål?
Endre Kalland - dagleg leiar: endre@ramsdalmaskin.no, 95296060
Tommy Sæterlid, driftsleiar: tommy@ramsdalmaskin.no, 95296052
Ferdigheter
- Betjene masseforflytningsmaskiner
- Kjøre med tilhenger
- Lese tekniske tegninger
- Manøvrere tunge lastebiler
- Yrkeskompetanse som gir fag- eller svennebrev
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
Ramsdal Maskin blei etablert i 1978 av Audun Ramsdal. I dag er det Endre Kalland og Tommy Sæterlid som driver selskapet vidare. Verksemda er pr. i dag lokalisert i Florø sentrum, men vil hausten 2026 flytte inn i nytt industribygg på Nesjane i Eikefjord. Ramsdal
Ramsdal Maskin har kompetanse og utfører alt innan graving, boring, sprenging, transport, muring, masseleveranse, landmåling, fjellsikring, maskintransport, snøbrøyting mm.
- Sektor: Privat
- Antall stillinger: 3
- Sted: Fjordgata 5, 6900 Florø
- Bransje: Bygg og anlegg, Drift og vedlikeholdstjenester, Transport og logistikk
- Stillingsfunksjon: Bygg/Anleggsleder, Maskinfører og -operatør, Transport og sjåfør
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
grunnarbeid, sprenging, transport, vintervedlikehald, anleggstenester
Annonseinformasjon
- FINN-kode 446867603
- Sist endret