Redaktør
Synste Møre
- Frist 28.2.2026
- Ansettelsesform Fast
Redaktør i Synste Møre
Vår noverande redaktør/dagleg leiar ønskjer ei anna rolle i organisasjonen og vi søkjer difor etter ny redaktør.
Redaktøren vil få det redaksjonelle ansvaret for innhald og utforming av avisa Synste Møre, både på nett og papir. Målsettinga er å vidareutvikle avisa på ein god måte for lesarane i dekningsområdet. Det er utarbeidt eigen stillingsinstruks. Vi viser elles til redaktørplakaten når det gjeld andre rettar og plikter for redaktøren. Ein stor del av stillinga vert sjølvstendig journalistiske arbeid. Det er ønskjeleg, men ikkje naudsynt, at den som vert tilsett også får rolla som dagleg leiar, og dermed også det økonomiske og administrative ansvaret i verksemda.
Vi ønskjer at den som vert tilsett har:
• Journalistisk erfaring, gjerne frå arbeid i lokalavis
• Ein stødig og god nynorsk penn
• Evne til å ta gode val og er trygg på presseetikk
• Teft for nyhende og dei gode lokale sakene
• Samfunnsengasjement og interesse for lokalsamfunnet
• Leiarerfaring og god menneskekunnskap
• Administrativ erfaring og evne til god økonomistyring
• Lokalkunnskap, og bør bu, eller busette seg i Vanylven
• Stor arbeidskapasitet og evne til samarbeid
• Eigen bil
Vi kan tilby eit godt arbeidsmiljø i ein liten og erfaren redaksjon. Løn og andre vilkår etter avtale.
Vi vil gjerne ha ein skriftleg søknad innan 28.02.2026 til Synste Møre, Djuvika 28, 6139 Fiskå, eller på e-post til bo@sivolda.no
Nærare opplysningar kan du få hos noverande redaktør Rønnaug Søvik på tlf. 951 40 755, eller hos styreleiar Bjørnar Osnes, tlf. 913 69 330.
Ferdigheter
- Kjøre bil
- Nynorsk
- Økonomistyring
- Redaksjon
- Skrive
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
Synste Møre er inne i sin 57. årgang som lokalavis for Vanylven kommune. Vi har 3-4 årsverk og har kontor på Fiskå. Avisa kjem ut ein gong i veka på papir, kvar dag på nett. Opplaget er 1872. Avisa er politisk ubunden, vert redigert på nynorsk og er medlem i Landslaget for lokalaviser. Avisa er eigd av 9 privatpersonar med tilknytning til Vanylven.
- Sektor: Privat
- Sted: Djuvika 24, 6143 Fiskå
- Hjemmekontor: På kontoret
- Bransje: Medie- og innholdsproduksjon
- Stillingsfunksjon: Journalist, Ledelse
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
redaktør, medie og kommunikasjon, lokalavis, vanylven, journalist
Annonseinformasjon
- FINN-kode 448043104
- Sist endret

