Nyoppretta faste stillingar for sjukepleiar og helsefagarbeidar
Sulatunet, korttids/rehabiliteringsavdelinga Sula kommune
- Frist 9.2.2026
- Ansettelsesform Fast
Korttids/rehabiliteringsavdelinga opner opp 4 plassar og søker engasjerte og fagleg sterke medarbeidarar som ønsker å være med og bygge opp eit viktig tilbod og vidareutvikle tenesta.
2 x100 % sjukepleiarstillingar 2-delt turnus
80% sjukepleiarstilling 2-delt turnus
50% hjelpepleiarstilling 2-delt turnus
66 % sjukepleiarstilling natt
Avdelinga gir tilbod til brukarar som har behov for ei overgangsordning ved utskriving frå sjukehus og som treng kartlegging av vidare hjelpebehov. Vi tilbyr mellom anna opptrening og vedlikehaldstrening, avlastning og palliasjon. Arbeidet i avdelinga har eit tydeleg fokus å ivareta og styrke brukarane sine eigne ressursar og meistringsevne.
Vi har nært samarbeid med legekontor og rehabiliteringstenesta og arbeider tverrfagleg for å sikre heilskaplege og trygge pasientforløp.
Sulatunet har lyse og trivelege lokaler og ligg vakkert til ved sjøkanten i Langevåg sentrum, noko som gir gode moglegheiter for uteaktivitetar og rehabiliterings i nærmiljøet.
Avdelinga er prega av flinke, og engasjerte fagfolk, varierte og spennande arbeidsoppgåver og eit godt arbeidsmiljø. Vi er innovative og tek i bruk velferdsteknologi. Helseplattformen er i bruk i avdelingen. Avdelinga har også besøkshund.
Vi oppmodar sjukepleiar- og vernepleiarstudentar i 3.året om å søke på den ledige stillinga, da vi har gode stipendordningar
Arbeidsoppgåver
- Grunnleggande sjukepleiaroppgåver som praktisk hjelp, medisinering, palliasjon, aktivitetar, årskontrollar
- Tverrfagleg behandling saman med andre relevante faggrupper
- Samarbeid og involvering av bebuar og familie
Kvalifikasjonar
- Vi søkjer etter autoriserte sjukepleiarar/vernepleiarar
- Vi søker etter autoriserte hjelpepleiarar/helsefagarbeidarar
- Krav om politiattest for stillinga.
Personlege eigenskapar
- Du må være fleksibel og villeg til å omstille deg om det er behov for det
- Gode faglege kunnskapar
- Du må kunne arbeide systematisk etter daglege arbeidsplanar og rutiner
- Du må være lojal mot arbeidsgivar og dine kollegaer og vise gode evner til samarbeid
- Gode norskkunnskapar både skriftleg og munnleg er ein føresetnad.
- Evne til å bidra til eit positivt arbeidsmiljø og fagmiljø
- Personlege eigenskapar vert sterkt vektlagd.
Vi tilbyr
- Et positivt og engasjert fagmiljø
- Interessante og varierte arbeidsoppgåver
- God opplæring og moglegheit for fagleg påfyll
- Langvakter på helg i nokre stillingar
- Løn etter gjeldande tariff. Frå løna vert trekt 2 % innskot til pensjonsordning.
- Stipendordning for sjukepleiararstudentar
- Lokalt tillegg for helsepersonell (6500,- + 5000,-) for 3.årig høgare utdanning (justerast etter stillingsprosent)
- Lokalt tillegg for arbeid på helg. Sjukepleiar og vernepleiar kr 8000,- pr år. Andre kr. 4000,- pr år. (justerast ikkje etter stillingsprosent)
- Tillegg for vidareutdanning
- Tillegg for praksisrettleiarar for sjukepleiarstudentar, med og utan formell vidareutdanning
- Gratis parkering
Kontaktinformasjon
Line Østrem Bjørnevik, Avdelingsleiar korttids/rehabiliteringsavdelinga, 47518270, Line.Ostrem.Bjornevik@sula.kommune.noGrethe Juul Molvær, Einingsleiar, 95710256, grethe.juul.molvaer@sula.kommune.no
Arbeidsstad
Stadsnesvegen 236030 Langevåg
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Sula kommuneReferansenr.: 5069194347
Stillingsprosent: 100, 80, 50, 66%
Fast
Startdato: 02.03.2026
Søknadsfrist: 09.02.2026
Annonseinformasjon
- FINN-kode 448036400
- Sist endret
