Journalist til nattdesken (vikariat)
NRK Nyheiter
- Frist 9.2.2026
- Ansettelsesform Vikariat
NRK Nyheiter oppdaterer publikum døgnet rundt. Ein av våre flinke journalistar skal ha permisjon ut året, og no treng vi ein dyktig vikar til gjengen som leverer nyheiter på radio, mobil og nett gjennom natta.
Vil du være med på å utvikle NRK sitt nyheitstilbod på kveld og natt er dette jobben for deg.
Arbeidsoppgåver
Nattevaktene er viktige for NRK Nyheiter. Dei leverer nyheiter til alle som er vakne når resten av landet søv. Dei fleste av oss sjekkar mobilen like før vi sovnar og med ein gong vi vaknar om morgonen - det gjer at det er blitt endå viktigare for NRK å være oppdatert døgnet rundt.
Nattdesken må følgje med på alt som kjem inn av tips, meldingar frå nyheitsbyrå og saker frå andre mediehus, aviser og sosiale medium. Dei leverer direktesendte radio-bulletengar kvar time gjennom natta, skriv saker til nettet, og oppdaterer forsida på nrk.no.
Det er ingen vaktsjef på jobb mellom 24 og 0430, så i desse timane har nattlaget eit sjølvstendig ansvar for å vurdera og prioritera alt som kjem inn. Dei har også varslingsansvar for heile NRK når det oppstår dramatiske situasjonar, slik at våre team kjem raskt på plass der noko skjer.
No treng vi ein dyktig vikar som kan tenke seg å gå i turnus med natt- og kveldsvakter på radio. Dagens turnus har sju fridagar i strekk kvar tredje veke.
Kvalifikasjonar
Som nattevakt i NRK Nyheiter må ha gode allmennkunnskapar, og kunne jobbe med både innanriks, utanriks, kultur, økonomi og politikk.
Du må være stødig på presseetikk og prioriteringar, i tillegg til å kunne jobbe effektivt under press.
Det er ein fordel å ha erfaring både frå radio og nett, men det viktigaste er at du er trygg og sjølvstendig som journalist.
Vi oppmodar spesielt nynorskbrukarar og folk med mangfaldskompetanse til å søke.
Personlege eigenskapar
Vi er på jakt etter ein vaken journalist som trivst med å ta ansvar. Det er også viktig å ha gode samarbeidsevner, og være interessert i å jobbe i team for å levere kvalitetsjournalistikk på fleire plattformer.
Vi ynskjer på sikt å sjå på arbeidsflyten på natta, og prøve ut ulike måtar å organisere samarbeidet på. Derfor er det ein fordel om du er fleksibel og at du er positivt innstilt til å bidra for å få til ei god organisering av arbeidet.
Vi er også interesserte i å knytte til oss journalistar som kan tenke seg å være tilkallingsvikar på natt. Høyres det spennande ut? Ta kontakt med Silje Sande eller Lars Hægeland.
Vi tilbyr
Ein utfordrande og spennande jobb i ein redaksjon som har store ambisjonar for innhaldet vi lagar. Vi lovar at du kjem inn i eit svært hyggeleg og inkluderande miljø, der du heile tida lærer nye ting.
Kontaktinformasjon
Silje Sande, Redaksjonsleiar, Nyheitsmorgon, 90196203, silje.sande@nrk.noLars Hægeland, Redaksjonsleiar (konst.) - Digital publisering, 41270130, lars.hageland@nrk.no
Arbeidssted
Bjørnstjerne Bjørnsons plass 10340 Oslo
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: NRKReferansenr.: 5069507375
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Startdato: 01.04.2026
Sluttdato: 31.12.2026
Søknadsfrist: 09.02.2026
Annonseinformasjon
- FINN-kode 448017062
- Sist endret

