
Vi søkjer ein allsidig kommunikasjonsrådgjevar
Samferdselsdepartementet
- Frist 18.2.2026
- Ansettelsesform Fast
Er du god til å skrive slik at folk forstår? Er du interessert i politikk og samfunn?
Som kommunikasjonsrådgjevar hos oss blir du ein del av ei gruppe på seks i kommunikasjons eininga. Vi samarbeider om mange oppgåver, samstundes som vi jobbar sjølvstendig med eigne saker. Vi jobbar tett med både dei øvrige fagavdelingane og politisk leiing i departementet.
Interessa for samferdsel og transport er stor, dette er eit område som angår dei fleste og engasjerer mange. Vi legg til rette for ein god og opplyst samfunnsdebatt og bidrar til at pressa kan gjere jobben sin på ein effektiv måte.
Som kommunikasjonsrådgjevar hos oss får du jobbe med spennande og aktuelle saker som trafikksikkerheit, byutvikling, kollektivtrafikk, ny teknologi, det grøne skiftet i transportsektoren, luftfart, veg og jernbane. Vi har ein variert arbeidskvardag der ingen dag er lik. Du må rekne med noko reising og arbeid utanfor normal arbeidstid.
Dette blir arbeidsoppgåvene dine
- Leggje til rette for at pressa får hjelp på ein rask og profesjonell måte
- Skrive pressemeldingar, talar og kronikkar
- Gi kommunikasjonsfaglege råd til politisk leiing og departementets øvrige fagavdelingar
- Utforme bodskap i tråd med den til ei kvar tid gjeldande politikken
- Lage kommunikasjonsplanar og følgje dei opp
- Planleggje og gjennomføre reiser og arrangement
- Bidra i krise- og beredskapskommunikasjon
- Lage innhald til sosiale medium
- Andre løpande oppgåver som høyrer til kommunikasjons eininga
Vi søkjer deg som
- Har relevant høgare utdanning
- Har erfaring frå presse- eller kommunikasjonsarbeid
- Har svært gode skriftlege og munnlege ferdigheiter
- Er fleksibel og løysingsorientert
- Raskt kan setje deg inn i og formidle kompliserte saker
- Har god forståing for politikk, samfunnsliv og forvaltning
- Tar ansvar og kan drive fram og fullføre prosessar
- Liker høgt tempo og har stor arbeidskapasitet
- Har godt humør og liker å jobbe både saman med andre og åleine
Personlege eigenskapar vil bli vektlagde. Du vil inngå i ei pressevaktordning. Du må kunne klarerast på nivå HEMMELEG.
Vi tilbyr
- Arbeid med utfordrande, interessante og dagsaktuelle saker i ein sektor som er viktig for folk i heile landet.
- Eit sterkt fagmiljø med engasjerte og hyggelege kollegaer. Vi legg vekt på å gi ansvar og tillit, men også rettleiing og støtte i eit godt arbeidsfellesskap.
- Gode utviklingsmoglegheiter både fagleg og personleg.
- Program for nytilsette med kurs og aktivitetar i løpet av det første året som tilsett.
- Trivelege lokale i sentrum av Oslo med subsidiert kantine.
- 5 vekers ferie, betalt overtid, fleksitidsordning, sommartid, og moglegheit for trening i arbeidstida med tilgang til treningsrom.
- Medlemskap i Statens pensjonskasse, med gunstig bustadlån og gode pensjons- og forsikringsordningar. Les meir her: Statens pensjonskasse (https://www.spk.no/).
- Løn mellom 600.000 og 900.000 kroner, avhengig av kvalifikasjonane dine og om du innplasserast som rådgjevar eller seniorrådgjevar.
For å lese meir om Samferdselsdepartementet og korleis det er å jobbe hos oss, sjå her: Slik er det hos oss! - regjeringen.no (https://www.regjeringen.no/no/dep/sd/jobb-i-samferdselsdepartementet/id2960635/)
Les dette før du søkjer
- Vi ber om at du legg ved vitnemål og relevante attestar. Vitnemål frå norske utdanningsstader lastast opp frå Vitnemålsportalen. Utenlandske vitnemål må verte godkjend av direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK dir).
- Vi ber deg sende oss ein kort søknad, den kan skrivast på enten bokmål eller nynorsk.
- Det blir gjennomført bakgrunnssjekk på kandidaten som blir tilsett i stillinga. Godkjent bakgrunnssjekk er ein føresetnad for tilsetjing i stillinga.
- Offentleg søkjarliste vil liggje føre etter søknadsfristen er ute. Dersom du ønskjer å reservere deg mot å stå på offentleg søkjarliste, må det grunngjevast. Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjarar kan bli offentleggjorde sjølv om søkjaren ber om å bli unntatt. Søkjarar vil i tilfelle bli informerte før offentleggjeringa og vil ha moglegheit til å trekkje søknaden.
- Samferdselsdepartementet meiner at inkludering og mangfald er ei styrke. Vi ønskjer oss medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv, og oppmodar alle kandidatar med nødvendige kvalifikasjonar til å søkje. Vi vil leggje til rette for medarbeidarar som har behov for det.
- Vi oppmodar søkjarar til å krysse av om dei har funksjonsnedsetting, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn. Vi kallar inn minst éin kvalifisert kandidat frå kvar av desse gruppene til intervju. Avkryssingane dannar også grunnlag for anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer om i sine årsrapportar.
Generell informasjon
Du kan få nærare informasjon om stillinga ved å kontakte Kommunikasjonssjef Camilla Bredde Pettersen på telefon: +4795105064 eller e-post: camilla.bredde-pettersen@sd.dep.no
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
Samferdselsdepartementet er regjeringa sitt utøvande organ for politikkutforming, forvalting, etatsstyring og eigarstyring innanfor transportsektoren.
Samferdselsdepartementet skal bidra til effektive, tilgjengelege, sikre og miljøvennlege løysingar som dekkjer samfunnet sitt behov for transport og fremjer regional utvikling.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Akersgata 59 (R5), Oslo, 0030 Oslo
- Bransje: Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: PR og informasjon, Rådgivning, Saksbehandler
Annonseinformasjon
- FINN-kode 448012822
- Sist endret

