Miljøterapeut/fagarbeidar
Solevåg skule, Sula kommune
- Frist 8.2.2026
- Ansettelsesform Fast
Ved Solevåg skule og SFO vil det frå 4.mai 2026 vere ledig stilling som miljøterapeut. Stillinga er i hovudsak knytt til oppfølging av enkeltelevar, men noko av arbeidet er også i grupper med elevar. Tidlegare oppstart enn 4.mai kan verte aktuelt.
På vår skule er det viktig å skape eit trygt og godt miljø for barna. Vi legg til rette for varierte, positive og aktive dagar for elevane. Tilsette har stor grad av medverknad når det kjem til innhald i arbeidskvardagen.
Vi søker ein miljøterapeut med erfaring eller kunnskap om barn med ulike funksjonsvariasjonar, og med kompetanse i å legge til rette for barn som har behov for oppfølging, støtte og tilsyn for å meistre kvardagen sin. Stillinga inneber arbeidsoppgåver knytt til både undervisning og SFO.
Stillinga følgjer normal arbeidstid.
Arbeidsoppgåver
Stillinga er i hovudsak knytt til oppfølging av enkeltelevar.
Utvikle trygge og varige relasjonar til barn som kan oppleve kvardagen som utfordrande.
Gi praktisk og pedagogisk støtte til elevar i kvardagen.
Målretta miljøarbeid med utarbeiding, oppfølging og evaluering av individuelle planar.
Planlegge og gjennomføre aktivitetar for enkeltelevar og grupper som fremjar inkludering og godt læringsmiljø
Tilrettelegge for eleven si deltaking i eitt breitt spekter av aktivitetar, både inne og ute. Hjelpe og støtte enkeltelevar med ulike utfordringar i skulen og i SFO.
Samarbeide med andre tilsette i skule og SFO, foreldre og andre fagpersonar
Bidra til eleven sin trivsel og utvikling
Utarbeide og gjennomføre individuelle opplæringsplanar i samarbeid med lærarar og andre tilsette
Andre oppgåver kan verte lagt til stillinga.
Kvalifikasjonar
Vi søker fortrinnsvis etter nokon med utdanning som vernepleiar, men anna utdanningsbakgrunn kan også vere aktuell (t.d. sosionom, barnevernspedagog). Fagarbeidar med kompetanse og erfaring med barn med funksjonsvariasjonar kan også søke.
Det er ønskelig med kompetanse og/eller erfaring med barn med ulike funksjonsvariasjonar.
Ønskeleg med kompetanse og erfaring på kommunikasjon – alternativ supplerande kommunikasjon
Personlege eigenskapar
Vi leitar etter ein trygg og kompetent vaksen som evner å møte barn med kjærleik, omsorg og tydelege grenser.
Du er leiken, modig og raus i arbeidet ditt med barn og familiar.
Du må kunne bygge gode relasjonar med barn, og vere tydeleg når det gjeld å leie enkeltbarn eller barnegrupper.
Arbeidet kan vere både fysisk og psykisk utfordrande
At ein er personleg eigna til stillinga vert tillagt stor vekt.
Du har aktivitetsbakgrunn som du ønsker å bruke i jobben, og du tenker kreativt i arbeidet med å tilrettelegge aktivitetar for barn.
Du har evne til å vise varme, omsorg og har vilje og evne til å arbeide i eit hektisk miljø.
Du må være glad i å vere ute, du må ha god helse.
Vi trur at barn treng ulike rollemodellar, og oppfordrar derfor menn til å søke.
Vi tilbyr
Eit raust, inkluderande og kompetent arbeidsmiljø med stor grad av humor, trivsel og arbeidsglede
Eit breitt og spennende fagmiljø
Interessante arbeidsoppgaver og gode utviklingsmuligheter
Kollegaer i alle aldrar
Samarbeid med kollegaer i andre fagteam og avdelingar
Kommunale tilsetjingsvilkår med gode pensjons- og forsikringsordningar
Løn etter gjeldande tariff og gjeldande avtalar.
Kontaktinformasjon
Børre Andreas Hagen, RektorArbeidsstad
solavågseidet 576037 Eidsnes
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Sula kommuneReferansenr.: 5069396506
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 08.02.2026
Annonseinformasjon
- FINN-kode 447578542
- Sist endret

