
Seksjonsleder
Helse Bergen HF
- Frist 15.02.2026
- Ansettelsesform Fast
Seksjonsleder
Kvinne- og familieavdelingen er ein del av Rus- og avhengighetsklinikken (RAK) og består av ein sengepost; Seksjon Kvinnepost Tertnes og eit poliklinisk/ambulant team; Familieambulatoriet, som er lokalisert i sentrum. Vi har no ein ledig stilling som seksjonsleiar for Kvinneposten på Tertnes.
Om seksjonen
Ved seksjonen jobbar det i dag ein psykologspesialist og to psykologar, éin legespesialist og éin lege, sjukepleiarar, vernepleiarar, miljøterapeutar, sosionom, kunst- og uttrykksterapeut, familieterapeut og treningsterapeut. Vi har også nevropsykolog knytt til seksjonen. Vi jobbar tverrfagleg og alle bidrar med sin spesialkompetanse i behandlinga.
Kvinneposten har 15 sengeplassar for frivillig behandling av rusmiddelavhengige kvinner. Kvinneposten jobbar tverrfagleg ut frå eit strukturert behandlingsprogram, mellom anna beståande av gruppeterapi, individualterapi, kunst- og uttrykksterapi, treningsterapi, utandørsterapi og miljøterapi.
Familieambulatoriet er eit frivillig tilbod til gravide og småbarnsforeldre som har eller har hatt vanskar knytta til rusmiddel eller vanedannande medikament. Familieambulatoriet kan gi oppfølging fram til barnet når skolealder. Familieambulatoriet har og ei eiga leilegheit der familiar i sårbare fasar kan få tilbod om brukarstyrt innlegging og dei samarbeider tett med Kvinneposten.
I avdelinga har vi eit godt arbeidsmiljø prega av omsorg for kvarandre, høgt engasjement for pasientane, fagleg utvikling, nysgjerrigheit og eit godt tverrfagleg samarbeid med opne dører og kreativitet.
Om stillinga
Seksjonsleiar vil ha fag-, økonomi- og personalansvar for omlag 30 tilsette samt ansvar for å sikre forsvarleg døgndrift av seksjonen. Seksjonsleiar inngår i leiargruppa til avdelingssjef og samarbeider tett med andre seksjonar internt i RAK, men også eksternt med samarbeidspartar. Du bør søke om du er ein leiar med erfaring frå - og som trivst med heilhetleg leiing av personale, økonomi og fag. Du bør ha erfaring med å leie team, verdset tverrfagleg tenking, ha gode kommunikasjons- og samhandlingsferdigheiter og god kjennskap til pasientgruppa, trivs i skiftande miljø der fleksibilitet er nødvendig, ha god evne til å organisere og lede tverrfagleg team på en engasjerande og motiverande måte. Det er ein fordel om du har erfaring frå rusbehandling i døgnrammer. Du bør ha gode relasjonelle ferdigheiter, fagleg kompetanse og engasjement og god forståeleg for økonomi og budsjettering. Arbeidsstad er på Tertnes, du må påberekne noe møtevirksomhet utanfor seksjonen.
Arbeidsoppgåver
- Seksjonsleiar vil ha fag- økonomi- og personalansvar for eigen seksjon med om lag 30 tilsette
- Ansvar for å sikre forsvarleg døgndrift av seksjonen
- Bidra til tenesteutvikling i eige fagfelt
- Ansvarleg for samarbeid eksternt og internt
- Iverksette tiltak i tråd med føretakets overordna mål
- Vere aktiv bidragsytar til trepartssamarbeid i eigen seksjon
- Vere ein del av leiargruppa ved kvinne- og familieavdelingen og rapportere ukentlig til administrativ leiar
Kvalifikasjonar
- Relevant helse- eller sosialfagleg utdanning på minimum bachelornivå
- Ønskelig med vidareutdanning innan leiing og administrasjon og/eller vidareutdanning innan rus og psykiatri
- Leiarerfaring
- Erfaring frå arbeid med rus og/eller psykiatri
- Erfaring frå arbeid med samarbeid på tvers av tenestenivå
- Erfaring frå arbeid med økonomistyring, arbeidsplanlegging og administrative oppgåver
- God kjennskap til helsetenesta og gjeldande lover og forskrifter
Personlege eigenskapar
- Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
- God arbeidskapasitet
- Evne til å motivere medarbeidarar
- Evne til å bygge gode relasjonar
- Evne til å arbeide strukturert og målretta
- Evnen til å leie under tidvis travle forhold
- Evnen til å være fleksibel, tydlig og ansvarlig
Vi tilbyr
- Ein spennande leiarstilling i eit kompetent fagmiljø og med et godt arbeidsmiljø
- Tilgang på Helse Bergens sine leiarutviklingsprogram
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Lønn i samsvar gjeldande overeinskomst
- Ein arbeidsplass som er ei inkluderandre arbeidslivsbedrift
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse
FerdigheterAI-generert
- Behandling innen psykisk helsevern
- Forskrifter
- Grunnleggende sykepleie
- Helsevesen
- Økonomistyring
- Pleie og omsorgsarbeid
- Psykiatri
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Tertnesveien 35, 5113 Tertnes
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Ledelse
- Arbeidsspråk: Norsk
Annonseinformasjon
- FINN-kode 447574400
- Sist endret



