Barne- og ungdomsarbeidar / assistent, vikariat ved Vigra skule og SFO
Giske kommune, Vigra skule
- Frist 9.2.2026
- Ansettelsesform Vikariat
Vi har ledig 100 % vikariat for barne- og ungdomsarbeidar / assistent ved Vigra skule og SFO. Vikariatet er ledig frå snarst og t.o.m. 19.06.2026.
Stillinga følgjer skuleruta med avkorta løn.
Vigra skule er ein 1-7 skule med om lag 190 elevar og med ca 70 barn i SFO. Visjonen "Vi flyg saman". Fokuset er at alle er med og at vi hjelper kvarandre med å utnytte læringspotensialet vårt, både fagleg og sosialt.
Satsingsområdet i oppvekst i Giske kommune er inkluderande praksis, som handlar om å tilpasse læringsmiljøet til mangfaldet hos barn og elevar, og å gi alle ei reell moglegheit til å vere deltakar i det faglege og sosiale fellesskapet.
I tillegg til formell kompetanse blir personlege eigenskapar og at ein er skikka for stillinga vektlagt.
Det er krav om politiattest av ny dato.
Dokumentasjon på utdanning og praksis skal sendast i lag med søknaden.
Kvalifikasjonar
- Vi ønskjer helst søkjarar med fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar, men andre kan også søkje
- Må kunne bygge gode, trygge relasjonar og kunne stå i det òg når ein vert utfordra
- Kunne kommunisere klart og tydeleg på ein måte som etablerer god dialog
- Vere trygg i konflikthandtering
- Ha gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
- Ha god digital kompetanse
Personlege eigenskapar
- Evne til omstilling
- Evne til å møte barnet der det er
- Gode samarbeidsevner med barn og vaksne
Vi tilbyr
- Løn og tilsetjing på vanlege kommunale vilkår.
Kontaktinformasjon
Eirik Farstad Therkildsen, avdelingsleiar, 48606703Karianne Oline Farstad, einingsleiar / rektor, +47 95080565
Arbeidsstad
Postvegen 4556040 Vigra
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Giske kommuneReferansenr.: 5069235062
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Søknadsfrist: 09.02.2026
Annonseinformasjon
- FINN-kode 447518836
- Sist endret
