Rektor
Ål Kommune
- Frist 22.2.2026
- Ansettelsesform Fast
Ål kommune - rektor på Nedre-Ål skule
Er du ein tydeleg og strukturert leiar med høg relasjonskompetanse?
Då vil vi ha deg med på laget, og saman vidareutvikle ein av Ål kommune sine gode læringsarenaer.
Frå 01.08.26 treng Nedre-Ål skule ny rektor i 100 % fast stilling, då vår rektor over mange år går av med pensjon.
Ål kommune har 3 barneskular og ein ungdomsskule. Nedre-Ål skule har om lag 220 elevar på 1.-7. trinn, og 60 medarbeidarar. Skulen har dyktige og engasjerte tilsette og godt og tett samarbeid med føresette. Skulen har nytt og spennande uteområde, stor gymsal, og svømmebasseng. Dette gjev mange moglegheiter for variert undervisning.
I rolla som rektor ved Nedre-Ål skule vil du ha ansvar for å sikre at elevane våre er godt førebudde på utfordringane i samfunnet vårt. Som rektor vil du vera aktivt medverkande i å forme eit godt lærings- og arbeidsmiljø.
Rektor er delegert budsjett-, økonomi- og personalansvar og rapporterer til kommunalsjef for oppvekstsektoren.
Arbeidsoppgåver
Overordna ansvar for drift og utvikling av skulen, innanfor fag, personalarbeid og økonomi.
Overordna ansvar for leiing og vidareutvikling av det pedagogiske arbeidet slik at det bidreg til auka læringsutbytte og eit trygt læringsmiljø for alle elevar.
Vidareutvikle eit godt skule-heim-samarbeid.
Vera aktiv deltakar i skuleleiarforumet i kommunen.
Samarbeide med andre sektorar for å sikre eit heilskapleg tilbod til elevane.
Kvalifikasjonskrav
Relevant høgare utdanning frå høgskole/universitet.
Pedagogisk kompetanse (formell kompetanse og/eller kompetanse opparbeidd gjennom praksis).G
God økonomisk forståing.
God digital kompetanse.
Gode kommunikasjonsevner på norsk, skriftleg og munnleg.
Ål kommune nyttar nynorsk som målform.
Ønska kvalifikasjonar
Leiarerfaring som skuleleiar og/eller rektor.
Rektorutdanning eller anna relevant leiarutdanning.
Godkjent pedagogisk utdanning.
Undervisningserfaring frå grunnskule.
Personlege eigenskapar
Tydeleg og synleg leiar som utøver tillitsbasert leiing, har evne til å engasjere, involvere, motivere og inspirere til felles innsats.
God samhandlingskompetanse, evne til å bygge gode relasjonar til elevar, medarbeidarar, føresette og samarbeidspartar.
Gode kommunikasjons- og formidlingsevner, både munnleg og skriftleg.
Lagbyggar, raus og inkluderande.
Fleksibel, godt humør og trivst med ein travel skulekvardag med varierte oppgåver.
Har gode strategiske og analytiske evner.
Høg arbeidskapasitet, jobbar effektivt og sjølvstendig.
Personlege eigenskapar vil bli vektlagde ved tilsetting.
Vi tilbyr
Meiningsfulle og utfordrande arbeidsoppgåver.
Eit godt arbeids- og fagmiljø med dyktige medarbeidarar.
Ein arbeidsplass med høg fagkompetanse og eit utviklingsorientert profesjonsfellesskap.
Mentorordning og nettverk med andre avdelingssleiarar i kommunen.
Moglegheit til å vere med på å utvikle det samla grunnskuletilbodet i Ål kommune.
Eit godt etablert tverrfagleg samarbeid.
Støttefunksjonar innan økonomi og personal.
Leiarstøtte.
Konkurransedyktig lønn etter avtale og gode pensjons- og forsikringsordningar.
Arbeidsforholdet er regulert av Hovudtariffavtala.
Politiattest og søknad
Den som vert tilsett må legge fram politiattest ikkje eldre enn tre månader.
Søkjarar som ynskjer å vere unnateke offentlegheit må grunngje dette særskilt. I samsvar med Offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjarar bli offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om å ikkje bli ført opp på søkjarlista. Dette vil du i så fall få varsel om.
Bli med på laget - velkomen som søkjar!
Ferdigheter
- Digitale ferdigheter
- Utdanningsadministrasjon
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Torget 1, 3570 Ål
- Hjemmekontor: På kontoret
- Bransje: Barn, skole og undervisning, Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Lærer/Lektor, Rektor / Ass. Rektor
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
nedre ål skule, strategiske evner, tillitsbasert leiing
Annonseinformasjon
- FINN-kode 447492062
- Sist endret
