Salgsleder
Lokalavisa HALLINGDØLEN
- Frist 25.1.2026
- Ansettelsesform Fast
Spanande leiarjobb i Hallingdølen
Salsleiar i Hallingdølen
Hallingdølen er ei av landets beste lokalaviser, og me er også totalleverandør av marknadsføringstenester, annonsering, grafisk utforming, reklamemateriell, nettsider m.m. for bedrifter, organisasjonar og arrangement.
Me er totalt 32 tilsette, og no treng me ny leiar for annonse- og marknadsavdelinga.
Me søkjer ein samlande og drivande leiar som kan leie og vidareutvikle sals- og marknadsarbeidet i Hallingdølen, slik at me framleis kan vera den beste marknadsføraren i regionen.
Som salsleiar vil du få ansvar for kunderetta salsarbeid med fokus på heile produktbreidda innanfor markndasføringsprodukta våre, frå tradisjonelle papirprodukt til landsdekkjande digitale kampanjer.
Arbeidsoppgåver:
Salsleiing og aktiv kundeoppfølging
Vidareutvikle sals- og prestasjonskulturen i avisa
Vidareutvikle produktområdet innan marknadsføring
Delta aktivt i salsarbeidet gjennom kundemøter og samlingar
Jobbe for å styrkje og synleggjera Hallingdølen sin posisjon som annonsekanal
Jobbe aktivt med kompetanseheving i salsavdelinga
Kvalifikasjonar:
Høgare utdanning eller relevant erfaring, fortrinnsvis innan marknadsføring, salsleiing eller tilsvarande
Leiarerfaring frå kommersiell verksemd med salsfokus, og kan vise til gode resultat
God kunnskap om bruk av IT-verktøy
God kunnskap om digital marknadføring
Eigenskapar:
Samlande og engasjerande med evne til å inspirere både kollegaer og kundar
Sjølvstendig og strukturert
God på å byggje nettverk
Positiv og løysingsorientert også i krevjande periodar
Mål- og forretningsfokusert i ein endringsorientert bransje
Me tilbyr:
Ei spanande stilling med salsansvar for våre marknadsføringsprodukt
Ei synleg rolle med gode mogelegheiter for utvikling av eigen kompetanse og nettverk
Du vil bli ein del av Hallingdølen si leiargruppe, og bidra i den vidare utviklinga av avisa
Konkurransedyktige vilkår med gode pensjons- og forsikringsordningar
Ta gjerne kontakt med dagleg leiar, Ola Stave, på e-post ola.stave@hallingdolen.no eller telefon 9094 1994 for meir informasjon om stillinga.
Send søknad til: ola.stave@hallingdolen.no
Ferdigheter
- Datadrevet markedsføring
- Digital annonsering
- Gjennomføre aktivt salg
- Salgsledelse
- Utvikling av markedsførings- og kommunikasjonskonsepter
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
- Sektor: Privat
- Sted: Sundrevegen 79, 3570 Ål
- Bransje: Markedsføring og annonsering, Medie- og innholdsproduksjon
- Stillingsfunksjon: Markedsfører, Salg
- Arbeidsspråk: Norsk
Annonseinformasjon
- FINN-kode 446092520
- Sist endret

