Ferievikarar ved teknisk drift
Aurland kommune
- Frist Snarest
- Ansettelsesform Sommer/Sesong
Me treng ferievikarar i perioden 22.06.26 - 21.08.26. Jobbane er fordelt på reinhald og uteseksjonen.
Vikar for reinhaldar er i utgangspunktet 100% stilling i heile perioden, men me vil tilsetje etter behov og ynskje.
Stillingane er fordelt slik:
1. jobb ved uteseksjonen
2. reinhaldar
Skriv i søknaden kva for alternativ du ynskjer. Du må også opplyse om du har ynskje om fri i løpet av sommaren, og eventuelt datoar.
Arbeids- og ansvarsområde
Reinhald:
Reinhald av kommunale bygg
Uteseksjon:
Vedlikehaldsarbeid, renovasjon og drift av parkanlegg
Me tilbyr
- Bli ein del av ein triveleg arbeidsplass der arbeidsmiljø står i sentrum
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Løn etter tariff
- Gratis inngang til treningsrom i Aurlandshallen
- Gratis inngang til symjehallen
Sjå gjerne informasjonsbrosjyre om kommunen vår her.
Video: https://www.youtube.com/watch?v=aFXLAnqaUbIKvalifikasjonar- Sommarjobb er i utgangspunkt eit tilbod til ungdom i Aurland kommune, men andre er også velkomne til å søke
- Av praktiske grunnar vert søkarar med førarkort klasse B prioritert i stillingane ved uteseksjonen
Personlege eigenskapar
Me vil at du:
- samarbeider godt med andre
- ynskjer å yte god service
- er engasjert og ivrig
Våre verdiar er: L-Æ-R, som står for Likeverd, Ærlegdom og Respekt.
Løns- og tilsetjingsvilkår
- tilsetting, løn og arbeidsvilkår er i samsvar med gjeldande lover, reglement og tariffavtale.
Krav til språk
Du bør kommunisere godt på norsk, både munnleg og skriftleg. Aurland kommune nyttar nynorsk som målform.
Generell informasjon
Aurland kommune praktiserer meiroffentlegheit og kunngjer forenkla søkarlister til ledige stillingar. Søkarar, som har oppmoda om at namnet blir unnateke søkarlista, må krysse av for dette og grunngje valet i søknadsteksten. Me tek kontakt med søkarar som har bedt om dette, dersom me meinar at grunngjevinga ikkje er tilstrekkeleg.
Mangfald kan gje oss eit breiare perspektiv. Medarbeidarar med ulik livserfaring og fagkombinasjonar kan gjere oss i stand til å finne gode løysingar i kommunen vår. Me oppfordrar derfor alle til å søke jobb utan omsyn til alder, kjønn, funksjonsevne eller etnisk bakgrunn. Du er også velkomen til å søke sjølv om du ikkje kan syne til ei samanhengende yrkeskarriere.
Treng du hjelp i samband med søknaden, ta kontakt med Jobbnorge på telefon +47 75 54 22 20, mandag til fredag mellom kl. 08.00-16.00, eller send E-post til support@grade.no. Du vil få raskt svar, og veldig god hjelp av hyggelege medarbeidarar.
NB! Me overfører nytilsette direkte til lønsystemet vårt, det er difor veldig viktig at du skriv namnet ditt slik det er registrert i folkeregisteret når du søker stilling, samt at du skriv med stor forbokstav.
Me ynskjer deg velkomen som arbeidssøkar i Aurland kommune.
Sommarjobb i vest 2026: #Sommarjobb #Sommarjobbivest #Sommerjobbivest
Annonseinformasjon
- FINN-kode 447410178
- Sist endret
