Helsesekretær og sekretær - faste stillingar
Helse Bergen HF,
- Frist 15.2.2026
- Ansettelsesform Fast
Haukeland universitetssjukehus treng fleire dyktige og engasjerte helsesekretærar og sekretærar.
Oppstart i stillingane vil vere frå snarast eller etter nærare avtale med avdelinga. Du kan lese meir om avdelinga ved å trykke på link i navnet, og du finn meir info lenger nede i annonsa.
Vi ser etter deg som sett pasienten i fokus, som trivst med utfordringar, er fagleg dyktig, og som likar å arbeide i eit travelt og spennande miljø. Oppgåvene blir løyst i tett samarbeid med andre faggrupper i sjukehuset.
Vi har ledig fast stilling ved denne avdelinga:
- Laboratorieklinikken, Avdeling for medisinsk biokjemi og farmakologi (MBF)
- Rus og Avhengigheitsklinikken, LAR Øvregaten
Søkarar som av ulike årsaker ønsker redusert stilling kan også søke.
Kvalifikasjonar (overskrift)
Avdeling for medisinsk biokjemi og farmakologi (MBF)
Har du lyst til å jobbe i eit sjukehuslaboratorium med spennande og varierte arbeidsoppgåver samtidig som du har gode kollegaer rundt deg?
Vi søker autoriserte helsesekretærer til dagstilling med arbeidstid fra 07:30-15:00.
Som helsesekretær hos oss får du varierte oppgåver innan prøvetaking, pasientkontakt og prøvebehandling. Du blir ein viktig del av det preanalytiske arbeidet, og bidreg til at prøver blir handtert korrekt og effektivt – til beste for pasientane.
Kontakt: Anne Grete Aune, tlf. 55973091.
LAR Øvregaten
Rus og Avhengigheitsklinikken har ca 600 medarbeidarar og består av avdeling LAR, to ruspoliklinikkar, ein ambulant seksjon og fleire lang og korttids-døgnavdelingar, både innan akutt og planlagt behandling. Vi har ein solid forskingsavdeling, som mellom anna forskar mykje på LAR populasjonen.
Avdeling LAR har ca 130 tilsette og er organisert i 7 ulike poliklinikkar, inkludert HAB og TSB Bergen og Bjørgvin fengsel.
Vi har nå ledig stilling for merkantil i LAR Øvregaten.
Kontakt: Arve Frostad, tlf: 92624782.
Arbeidsoppgåvene kan variere frå avdeling til avdeling
- Pasientadministrative oppgåver
- Telefon/resepsjonsteneste
- Bestilling av transport/overnatting/tolk med meir
- Økonomisk oppgjer
- Yte service til pasientar, pårørande og kollegaer
- Administrative oppgåver som til dømes bestilling av utstyr
Kvalifikasjonar
- Autorisert helsesekretær, medisinsk sekretær, sekretær
- Helsesekretær må ha norsk autorisasjon
- Relevant sjukehuserfaring er ønskeleg men ikkje eit krav
- Du må ha gode IKT-kunnskapar
- Kunnskap og erfaring med IKT-systema vi nyttar i Helse Bergen (t.d. Dips, Libra) vil vere ein fordel
- Du må meistre norsk og engelsk, både skriftleg og munnleg
Personlege eigenskapar
- Gode samarbeidsevner
- Nøyaktigheit
- Serviceinnstilling
- Fleksibel og evne til å ta utfordringar
- Kunne arbeide sjølvstendig og i team
Vi tilbyr
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Fagleg og personleg utvikling
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp
verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har
du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare
utdanning og kompetanse
Kontaktinformasjon
Linda Røthe Ystanes, Rådgivar, +47 92292668Arbeidsstad
Haukelandsveien 225009 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Bergen HFReferansenr.: 5068722821
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 15.02.2026
Annonseinformasjon
- FINN-kode 447403132
- Sist endret


