Ferievikarar i pleie og omsorg
Pleie- og omsorg, Valle kommune
- Frist 12.4.2026
- Ansettelsesform Sommer/Sesong
Ferievikarar 2026
Valle bygdheim, Open omsorg, Habilitering, Kjøkken og Vaskeri treng ferievikarar innan fylgjande stillingsgrupper: sjukepleiar, hjelpepleiar, helsefagarbeidar, omsorgsarbeidar, vaskeriassistent, pleieassistent, miljøarbeidar, kjøkkenassistent og heimehjelp.
Søkjarar til pleie- og omsorgsarbeid må ha fylt 18 år.
Sommarferien vert avvikla i tidsrommet medio juni til medio august. Ynskt stillingstype, avdeling, stillingsstorleik og arbeidsperiode må kome fram i søknaden. Søkjarar til open omsorg og habilitering må ha sertifikat for personbil. Dei som ynskjer arbeid som heimehjelp må disponere eigen bil.
Vi tilset sommarvikarar fortløpande, og det vil bli sendt ut tilbod om vikarjobb før fristen er gått ut!
Arbeidsoppgåver
Arbeidsoppgåvene vil vere i samsvar med oppgåver som høyrer til avdelinga du vert tilsett i.Kvalifikasjonar
- Du må ha gode kommunikasjonsevner på norsk, både skriftleg og munnleg
- Søkjarar til open omsorg og habilitering må ha førarkort kl. B
- Fordel med erfaring frå helse/omsorg
- Politiattest må leggjast fram ved tilsetting
Personlege eigenskapar
- Du er trygg, sjølvstendig og kan takle ein ansvarsfull jobb
- Du er positiv, serviceinnstilt og har godt humør
- Du samarbeidar godt med andre
- Du er fleksibel
- Personlege eigenskapar vil bli vektlagt
Vi tilbyr
- Eit godt arbeidsmiljø med givande arbeidsoppgåver og engasjerte medarbeidarar
- Løn iht. regulativ
- Køyregodtgjering ytes etter off. regulativ
- Løn tilsvarande 10 års ansiennitet med norsk autorisasjon som sjukepleiar
- Det er gode lønsvilkår for sjukepleiarar under utdanning som vil ha sommarjobb i Valle
Viktig for søknaden din:
- CV skrivast i Webcruiter
- Vitnemål og attestar skal lastas opp i Webcruiter
Ved behov for hjelp til registrering av søknad, kontakt 379 37 500. Alle kvalifiserte kandidatar uansett alder, funksjonsevne, kjønn, seksuell orientering, religion eller etnisk bakgrunn blir oppfordra til å søkje. Arbeidsplassar i Valle kommune skal pregast av mangfold.
Namnet ditt vil normalt bli offentleggjort i forenkla søkjarliste. Du kan be om å bli unnateke offentlegheit, men da må du grunngje dette skriftleg, jf. offentleglova §25. Kan ikkje kommunen imøtekome dette, vil du bli varsla før søkjarlista blir ferdigstilt.
Kontaktinformasjon
Solveig B Kyrvestad, Einingsleiar, 91247155, solveig.b.kyrvestad@valle.kommune.noArbeidsstad
Leitebakken 194747 Valle
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Valle kommuneReferansenr.: 5068938991
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 12.04.2026
Annonseinformasjon
- FINN-kode 447400919
- Sist endret

