Bli med i eit engasjert fagmiljø! Vi har ledige vikariat og faste stillingar
Alver kommune
- Frist 01.02.2026
- Ansettelsesform Fast
Bli ein trygg vaksen for born og unge i habiliteringstenesta!
Velkommen til Røsvikrenen avlastningsbustad!
I Røsvikrenen avlastningsbustad tilbyr vi avlastning for barn og unge primært på døgnopphald. Tenestemottakarane har utfordringar innan habilitering og psykisk helse, og fleire kan ha åtferd som opplevast som krevjande. Her jobbar vi tett på kvar enkelt for å skape tryggleik, struktur og gode kvardagar. Arbeidet inneber samarbeid i team, målretta miljøarbeid og tett oppgølging av individuelle behov.
Turnus ved bustaden er organisert med 4 stillingar i døgn, medan resten av vaktene går som langvakter. Stillingane som blir utlyst, er langvakter.
Vi søkjer no etter nye medarbeidarar i følgjande stillingar (tydeliggjer kva for stilling ein søkjar på i søknaden):
- 1 fast 100% stilling - Miljøterapeut med helse- og sosialfagleg høgskuleutdanning, pedagogisk utdanning m/spes.ped og bachlor i psykologi med erfaring med tenestemottakare med same behov kan vurderast
- 2 faste ca. 70-80% nattevaktstillingar - Helsefagarbeidar
- 1 fast 34% helgestilling i langvakter - Helsefag-/Barne- og ungdomsarbeider
- 1 vikariat 100% stilling 1 år - Helsefagarbeidar
Om oss
Alver kommune tilbyr avlastning for familiar med særleg tyngande omsrogsoppgåver, der born og unge har psykiske eller fysiske funksjonsnedsetjingar. Avlastninga kan skje både i heimen og på institusjon, og vert tilpasse individuelt etter behov og ønske frå familien.
Avlastningsbustadene er ein del av kommunens habiliteringstilbod, og gjev born og unge eit trygt og tilrettelagt miljø med aktivitetar og omsorg.
Tenestene i stillingane krev stabile og trygge vaksne som kan møte borna med forståing og ro. Målet er å gje både born og familiar eit pusterom i kvardagen - og bidra til betre livskvalitet for alle involverte.
Arbeidsoppgåver
- Å yte omsorg og støtte i daglege gjeremål og aktivitetar
- Å uttføre vedtak etter kapitel 9 i Helse- og omsorgslova.
- Å ha ansvar for medisinar, både legge i dosett, veilede kollegaer og gje medisinar
- Å bidra til tryggleik og stabilitet i relasjonar med borna
- Å arbeide målretta med miljøterapeutiske tiltak
- Å dokumentere og evaluere tiltak i tråd med faglege og juridiske krav
- Å samarbeide tett med føresette, kollegaer og andre fagpersonar
Å bidra til eit godt arbeidsmiljø og fagleg utvikling i teamet
Du vert ein i fagmiljø som jobbar for å gje born og familiar eit pusterom i kvardagen - og eit tilrettelagt og meiningsfullt opphald!
Kompetanse
Krav:
- Godkjent fagarbeider i dei stillingane det krevs
- Helse- og sosialfagleg utdanning, pedagogar kan verte vurdert med utdanning innafor spes.ped og erfaring innafor habilitering
- Erfaring med arbeid innan habilitering og miljøarbeid
- Førarkort i klasse B
- Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
Trygg på bruk av digitale verktøy og dokumentasjonssystem
Vidare søkjer me deg som har:
- Kjennskap til og gjerne kompetanse i å utforme og gjennomføre vedtak etter kapitel 9 jf. Helse- og omsorgslova
- Erfaring: Praktisk erfaring med habilitering og miljøarbeid for barn og unge med samansette behov.
- Kommunikasjon: Kompetanse i alternativ og supplerande kommunikasjon (ASK), og evne til å tilpasse kommunikasjon til den enkelte brukar.
- Omsorg og etikk: Evne til å skape tryggleik, vise respekt og arbeide personsentrert.
- Teamarbeid: Erfaring med tverrfagleg samarbeid og god evne til å samarbeide med føresette og fagpersonar.
- Praktiske ferdigheiter: Grunnleggande opplæring i bruk av hjelpemiddel, forflyttingsteknikk og medisinsk oppfølging (t.d. ernæring, medisinering etter delegasjon).
- Menn oppfordrass til å søkje
- Fleksibilitet: Evne til å handtere uforutsette situasjonar og tilpasse seg individuelle behov.
- Personleg eignaheit vert vektlagt - me ser etter deg som er trygg, roleg og engasjert
Kven er du?
- Har gode relasjonelle ferdigheiter og evne til å skapa tillit over tid
- Er trygg i deg sjølv, handterer krevjande situasjonar med ro og tydelegheit, og tek kloke avgjerder under press
- Har gode kommunikasjonsevner og ser betydninga av både små og store augneblinkar i relasjonsbygging
- Ser moglegheiter der andre ser utfordringar
- Kan reflektera etisk og fagleg over komplekse problemstillingar
- Har interesse eller kompetanse innan aktivitetar som ASK, friluftsliv og gruppeaktivitetar
Er fleksibel og løysingsorientert
Vi søkjer etter deg som er tolmodig og engasjert, motiverande og positiv. Du er initiativrik og har engasjement for brukargruppa. Du har gode samarbeidsevner, men kan og arbeide sjølvstendig.
Du ser moglegheiter der andre ser utfordringar og kan reflektera etisk og fagleg.
Me tilbyr
- Ein meiningsfull jobb der du kan gjera ein konkret forskjell i livet til mange!
- Oppfølging og rettleiing
- Årsturnus med moghegheit for innspel på arbeidstid
- God pensjonsordning i KLP
- Tilsetjing i samsvar med gjeldande lov- og avtaleverk
- Moglegheit til å utvikla ferdigheitene dine i arbeid med relasjonar, sjølvstende og tilhøyrsel
Me er ein organisasjon i læring!
Som ein del av arbeidet vert det forventa at du bidrar til ein læringskultur ved å dela kunnskap og utvikla deg i takt med endringar i samfunnet. Du heldt deg oppdatert på relevante arbeidsverktøy, arbeidsmetoder og aktivt tek ansvar for læring, samt fagleg og personleg utvikling. I Habiliteringstenesta arbeider me med vår digitale kompetanse, og nyttar teams i vår informasjonsflyt. Bidrag til å løysa arbeidsoppgåver med ny teknologi eller anna vert godt motteke.
Me er Alver
Me får vere der frå aller fyrste stund, og vi får følgje deg gjennom livet!
Video: https://www.youtube.com/watch?v=_xHE9zF24G4&ab_channel=Alverkommune
Politiattest
I tråd med helse- og omsorgstenestelova § 5-4 vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede
Om Habiliteringstenesta
Habiliteringstenester i Alver kommune gjev tenester til personar med nedsett funksjonevne/
utviklingshemming. Tenestene vert gitt i den einskilde sin heim, ved arbeids- og aktivitetsenter,
og som ulike former for avlasting for familiar med born/unge med omfattande behov for omsorg. Inn under habiliteringstenestene finn ein også støttekontaktteneste og koordinatorar for Individuell Plan.
FerdigheterAI-generert
- Alternativ og supplerende kommunikasjon
- Arbeid etter helse - og omsorgstjenesteloven
- Helsevitenskap
- Kjøre
- Norsk
- Pleie og omsorgsarbeid
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
Habiliteringstenester i Alver kommune gjev tenester til personar med nedsett funksjonevne/utviklingshemming. Tenestene vert gitt i den einskilde sin heim, ved arbeids- og aktivitetsenter, og som ulike former for avlasting for familiar med born/unge med omfattande behov for omsorg.Inn under habiliteringstenestene finn ein også støttekontaktteneste og koordinatorar for Individuell Plan.
- Sektor: Offentlig
- Antall stillinger: 4
- Sted: Røsvikrenen 4-6, 5914 Isdalstø
- Bransje: Barn, skole og undervisning, Helse og omsorg, Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Helsepersonell
Annonseinformasjon
- FINN-kode 447386483
- Sist endret