Saksbehandlar
Haugaland og Sunnhordland tingrett
- Frist 8.2.2026
- Ansettelsesform Vikariat
Vi har ledig ei 100 % vikar stilling som saksbehandlar frå 13.04 - 31.12.2026, med moglegheit for forlenging.
Vil du jobbe som saksbehandlar i ein domstol? Du vil ha sjølvstendige oppgåver, samtidig som du vil jobbe tett med fagleg sterke kollegaer som er sterkt engasjert i domstolane.
Noregs domstolar er den tredje statsmakta og den fremste konfliktløysaren i samfunnet. Domstolane treff avgjerder som betyr mykje for både enkeltmenneske og samfunn.
Som saksbehandlar får du arbeide med eit breitt spekter av oppgåver, som å førebu, tilretteleggje og etterbehandle saker i nært samarbeid med dommarane. I løpet av arbeidsdagen har du kontakt med partar, advokatar og andre profesjonelle aktørar. Di rolle er viktig; du bidreg til at sakene blir gjennomført på ein effektiv og profesjonell måte, til beste for brukarane av domstolane.
Her er ingen dagar like, og innsatsen din er heilt nødvendig for at vi kan gjennomføre rettssakene.
Arbeidsoppgåver
Saksbehandlarane har ein hektisk og krevjande kvardag med varierte oppgåver.
· Arbeid knytt til førebuing, gjennomføring og etterarbeid av rettssaker – i samarbeid med dommar
· Kommunikasjon med eksterne aktørar og andre brukarar – herunder bidra til aktiv saksstyring og saksavvikling
Arbeidsoppgåvene vil kunne endre seg etter verksemda sine behov.
Kven er du?
Vi søkjer deg som:
· har utdanning på bachelornivå, helst med fag innan administrasjon og samfunnsfag, jus eller IT, eller har fagbrev i kontor- og administrasjonsfag
· har relevant arbeidserfaring frå saksbehandlararbeid
· har interesse for ny teknologi og ser moglegheiter i digitale arbeidsprosessar
· har gode digitale ferdigheiter
· kommuniserer godt munnleg og skriftleg på norsk
Personlege eigenskapar
· Du arbeider sjølvstendig og strukturert
· Du yt service og opptrer på ein objektiv og tillitsskapande måte overfor partane i sakene.
· Du har gode samarbeidsevner og bidreg til eit godt arbeidsmiljø.
· Du kan delta i dialog med partar, private og offentlege instansar på ein god og forståeleg måte.
· Du er kvalitetsbevisst, nøyaktig og løysingsorientert.
· Du taklar ein travel kvardag med mange ulike oppgåver og mange ballar i lufta.
Vi tilbyr
I tillegg til ein jobb som er viktig for både enkeltpersonar og samfunnet får du:
· høve til å utvikle både domstolane og deg sjølv
· eit godt tverrfagleg miljø
· lokal og nasjonal kompetanseutvikling
· varierte og utfordrande arbeidsoppgåver
· fleksibel arbeidskvardag med fleksitid, moglegheit for heimekontor og trening i arbeidstida
· gunstige vilkår i Statens pensjonskasse
Stillinga blir lønna som førstekonsulent (stillingskode 1406) etter Hovudtariffavtalen, avhengig av din kompetanse.
Mangfald i Noregs domstolar
Det er viktig at dei tilsette i norske domstolar representerer eit godt mangfald med ulik bakgrunn og livserfaring. Vi har i dag eit rikt og fleirkulturelt samfunn. Noregs domstolar ønskjer difor å rekruttere fleire medarbeidarar som har ein fleirkulturell bakgrunn, ulik arbeids- og livserfaring, funksjonsnedsetjing og hol i CV. Dette vil gi domstolane viktig kunnskap i utføringa av samfunnsoppdraget.
Mangfald er ein styrke, og vi vil leggje til rette for tilsette med ulike behov. Les meir om moglegheita for positiv særbehandling på https://arbeidsgiver.dfo.no/positivsaerbehandling.
Annonseinformasjon
- FINN-kode 447233387
- Sist endret
