Sommarjobb Psykisk helse og rus
Bømlo kommune
- Frist 30.4.2026
- Ansettelsesform Vikariat
Vil du gjere ein skilnad i kvardagen til våre brukarar? Då er du velkommen til å bli ein del av vårt team!
Me søkjer etter sommarvikarar på avdelinga Miljøteneste i Psykisk helse og rus. Me ynskjer deg som har høve for å jobbe 6 veker eller meir i løpet av veke 25-33, og spesielt i juli/august månad. Søknadar vert vurdert fortløpande.
Som sommarvikar kan du få utbetalt bonus. Les meir om bonusordninga under.
Er du student? Bømlo kommune har eiga ordning for studentavlønning. Legg difor ved dokumentasjon på oppnådd utdanning i din søknad.
Arbeidsoppgåver og litt om oss
Psykisk helse og rus er ei verksemd med over 20 tilsette, som tilbyr ulike typar hjelp til vaksne innbyggjarar som har vanskar knytt til rus og/eller psykisk helse.
Verksemda består av fire ulike tenester; Rustenesta, Psykisk helseteneste, Miljøtenesta og Nyving møteplass og aktivitetssenter. Det er kun til Miljøtenesta me søkjer ferievikarar.
Miljøtenesta er eit tilbod til vaksne som av ulike årsaker treng praktisk og personleg hjelp til dagleglivets gjeremål. Tenesta gjev praktisk bistand, råd, tilrettelegging og rettleiing slik at ein skal kunne meistre ulike oppgåver i eige liv.
Som ein del av vår feriebemanning vil du delta i dei daglege oppgåvene på avdelinga, bl.a.:
- Utlevering av medisinar.
- Fylgje til diverse praktiske ærend og avtalar.
- Tilsyn og yta personleg og praktisk bistand tilpassa den enkelte sine behov.
Andre oppgåver kan bli tillagt stillinga avhengig av den tilsette sin kompetanse og interesser. Endringar i arbeidsområdet må kunne påreknast.
Me kan lova ein spanande og variert sommarjobb med høve for læring og utvikling. Me vil gje deg introduksjon/opplæring.
Kvalifikasjonar
For arbeid på institusjon og i omsorgstenester må du ha fylt 18 år.
Me søkjer:
- Offentleg godkjent vernepleiar, sjukepleiar, helsefagarbeidar eller andre med helse- og/eller sosialfaglegutdanning.
- Studentar og elevar innan helse- og sosialfaglege utdanningar.
Dersom du ikkje tek utdanning innan helse er det ynskjeleg at du har erfaring med å jobba med menneske, men dette er ikkje eit absolutt krav. Søkjarar utan erfaring vert og vurdert.
- Førarkort klasse B er eit krav i denne stillinga.
Personlege eigenskapar
- Du er glad i å jobbe med mennesker og likar å hjelpe andre.
- Du er positiv, engasjert og interessert i helse.
- Du er sjølvstendig og samarbeider godt med andre.
- Du er påliteleg og ansvarsfull.
- Du er fleksibel og løysingsorientert.
Me tilbyr
- Spanande tenester med høve for opplæring og utvikling.
- Inkluderande arbeidsmiljø med trivelege medarbeidarar.
- Løn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lov og avtaleverk.
Bonus
Sommarvikarar som har sommarjobb i turnus (35,5 t/v) over ein periode på minimum seks veker kan få utbetalt ein bonus. Bonus blir betalt ut i frå faktisk arbeida stillingsprosent. Ein må jobbe minimum en 70% stilling for å få bonus. Ein 100% stilling gir bonus på kr. 10.000. Utbetaling av bonus føreset at ein jobbar vaktene som er sett opp i planen. For faste tilsette i tenestene våre som jobbar turnus i mindre stillingar vil ekstra vakter i ferieavvikling kunne utløyse ekstra kompensasjon.
Anna informasjon:
Det vert stilt krav om politiattest ved tilsetjing etter Helse- og omsorgstenestelova §5.4.
- Bømlo kommune ser på inkludering og mangfald som ein styrke, og vil oppmode alle kvaliserte søkjarar om å søke stilling uavhengig av bakgrunn
- Me gjer merksam på at søkjarar vert ført opp på offentlig søkerliste. Det er mogleg å søkje om anonymitet, men det må vere særskilte omstende for å få innvilga unntak, jf. Offentleglova § 25
Syns du stillinga ser interessant ut, og samsvara med kvalifikasjonane dine, sender du oss søknaden din elektronisk via Webcruiter.no med CV, vitnemål og attestar vedlagt. Ved førespurnad må du kunna skaffa bekrefta kopiar av dokumentasjonen din. Søknader vert behandla fortløpande. Dersom du har spørsmål om stillinga og rekrutteringsprosessen, ta kontakt med avdelingsleiar Bente Martens eller verksemdsleiar Synnøve Sørvik.
Kontaktinformasjon
Bente Martens, Avdelingsleiar, 479 77 804, bente.martens@bomlo.kommune.noSynnøve Sørvik, Verksemdsleiar, 986 62 884, synnove.sorvik@bomlo.kommune.no
Arbeidsstad
Leirdalen 455430 Bremnes
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Bømlo kommuneReferansenr.: 5062393703
Stillingsprosent: 100%
Sommarjobb
Søknadsfrist: 30.04.2026
Annonseinformasjon
- FINN-kode 446934488
- Sist endret
