Sjukepleiar Haugaland DPS
Helse Fonna HF
- Frist 2.2.2026
- Ansettelsesform Fast
Sjukepleiar - fast heiltid - vel avdeling
No har vi faste sjukepleiarstillingar ved Haugaland DPS. Det beste? Du kan bli vurdert for fleire avdelingar med éin og same søknad.
Vel avdeling(ar) i søknaden: Psykosepost og brukestyrt post– så tek vi det derfrå.
Haugaland DPS er ein del av Klinikk for psykisk helsevern og rus og har lokaler sentralt i Haugesund og på Karmøy. Vi gir eit breidt behandlingstilbod som favnar allmennpsykiatriske poliklinikkar, FACT, ACT og psykose-team, akutt ambulant team (AAT) samt ulike døgnbehandlingstilbod innan psykisk helsevern.
Her er ein kort smakebit på dei ulike avdelingane:
- Psykosepost - Vi har eit eige utgreiingsteam som i hovudsak består av psykologar og legar, som skal sikra at pasientane blir tilbydd utgreiing, med fokus på brei differensialdiagnostikk og tydeleg definert link mellom utgreiing, diagnose og behandlingstilbod. Av behandling tilbyr vi medikamentell behandling og psykoterapi /samtalebehandling. Vidare blir det gitt tilbod om familiearbeid, IMR - grupper og livsmestringsgrupper
Vernepleiarar kan også søkje.
- Brukerstyrt post - Vi er i ei spennande utvikling – frå brukerstyrte senger til allmennpsykiatrisk døgnpost – og ønskjer oss sjukepleiarar som møter pasientane med ro, tydelegheit og varme. Hos oss vil du møte vaksne pasientar i planlagde forløp, mellom anna knytt til affektive lidingar, angst, eteforstyrringar og traume. Du får bruke sjukepleiarfaget i praksis med miljøterapi, støttande samtalar, medikamenthandtering og faglege innspel inn i behandlinga.Posten har 8 sengeplassar, og du blir ein del av eit trygt, tverrfagleg lag med overlege, psykologspesialist, vernepleiarar, sjukepleiarar og helsefagarbeidarar.
Skriv i søknaden kva avdeling(ar) du ønskjer – så tek vi det derfrå.
Les meir om oss her: Haugaland DPS
Kva går jobben ut på?
- Observasjon, behandling, stell og pleie til pasientar
- Medikamenthåndtering og andre sjukepleieprosedyrar
- Handtere medisinsk teknisk utstyr
- Oppfølging av pasientar som blir lagt inn planlagt og akutt
- Delta i tverrfaglege team
- Rettleiing av studentar
Kva kompetanse er viktig i denne rolla?
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar. Er du vernepleiar kan du søkje deg til Psykoseposten.
- Du må ha kunnskap innan relevant medisinsk-teknisk utstyr
- Må ha gode IKT-kunnskapar
- Gode norskkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Søkarar som har andre morsmål enn norsk, svensk eller dansk, og som ikkje har fullført norskspråklig vidaregåande skule, må minimum ha bestått Bergenstesten, eller annan norsktest på B2 nivå.
Kva ser vi etter hos deg?
Hos oss er det viktig at du:
- arbeidar godt både sjølvstendig og i team
- beheld roen og klarer å prioritere i stressande situasjonar
- behandlar pasientar og pårørande profesjonelt og empatisk, er imøtekommande og syner respekt
- bidreg positivt til eit fagleg og kollegialt godt miljø
Kvifor skal du velje oss?
Jo, fordi vi har:
- Variert arbeidskvardag – ingen dagar er like, og du får brei erfaring.
- Trygt arbeidsmiljø – vi støttar kvarandre og jobbar godt i lag.
- God opplæring – ein trygg start, anten du er nyutdanna eller har erfaring.
- Fagleg utvikling – læring og kompetanseheving er ein del av jobben.
- Tilrettelagt turnus – langvakter på helg gir meir fri og ekstra løn.
FerdigheterAI-generert
- Observere helsetjenestebrukere
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no.
- Sektor: Offentlig
- Antall stillinger: 3
- Sted: Floravegen 75, 5535 Haugesund
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Sykepleier, Vernepleier/miljøterapeut
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
sykepleier, vernepleier
Annonseinformasjon
- FINN-kode 446915709
- Sist endret