Miljøarbeidar Haugen bufelleskap
Tysnes kommune
- Frist 8.2.2026
- Ansettelsesform Vikariat
Er du ein person som ser moglegheiter, har godt humør og ønsker å bidra til ein trygg og meiningsfull kvardag for menneske med utviklingshemming?
Haugen bufelleskap er ein heim for menneske med utviklingshemming. Bufellesskapet er døgnbemanna og har dyktige tilsette med ulik fagbakgrunn. Me støttar brukarane i å meistre daglege gjeremål, delta på dagsenter eller i arbeid, og vere med på ulike fritidsaktivitetar.
Som medarbeidar hos oss bidreg du til at bebuarane får ein meiningsfull og innhaldsrik kvardag i tråd med lovverk, faglege metodar og etiske retningsliner. Du vil bistå dei som bur her både i praktiske og sosiale gjeremål.
No søker me etter ein kollega i 75 % vikariat, med oppstart snarleg og varigheit til 28.02.2027. Stillinga inneber arbeid i to-delt turnus med helg.
Me ber om at attestar, kursbevis og vitnemål vert lasta opp ved innsending av søknaden.
Arbeidsoppgåver
- Planlegge og utføre tiltak og prosedyrar med fokus på målretta miljøarbeid.
- Yte individuell oppfølging tilpassa den enkelte brukar sine behov.
- Legge til rette for brukarmedverknad og sjølvbestemming med fokus på brukar si eiga mestring og
utvikling. - Legemiddelhandtering etter gjevne retningslinjer.
- Delta på fagmøter og andre kompetanseaukande tiltak.
- Samarbeid med pårørande, verge og andre faggrupper.
- Journalføring og arbeid opp mot gjeldande lovverk.
Kvalifikasjonar
- Autorisasjon som helsefagarbeidar.
- Personar utan formell kompetanse kan bli vurdert opp mot personlege eigenskapar og erfaring.
- Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg.
- Gode kommunikasjon- og samhandlingsevner.
- Grunnleggjande datakunnskapar.
Ønskelege kvalifikasjonar:
- Erfaring og interesse frå arbeid med brukargruppa er ein fordel.
- Førarkort klasse B.
Ved ei eventuell tilsetjing må du leggja fram:
- Politiattest, jf. helse- og omsorgstenestelova § 5-4.
- Eigenerklæringsskjema for MRSA og tuberkulose.
Personlege eigenskapar
Me ser etter deg som:
- har ei profesjonell tilnærming til arbeidet og evne til å bruke kunnskap i praksis.
- er engasjert, ansvarsfull og målretta i oppfølginga av bebuarane.
- er fleksibel, initativrik og oppteken av å bidra til godt samarbeid med bebuarar, kollegaer og pårørande.
- trivst med utfordringar, og er løysingsorientert.
- bidreg til eit positivt og godt arbeidsmiljø.
Personlege eigenskapar vert tillagt stor vekt.
Kvifor skal du jobba hos oss?
Dersom du blir motivert av å jobbe ein stad der me saman gir gode tenester og skapar verdige rammer for bebuarane våre, trur me du vil trivast hos oss. Du får høve til å jobbe med eit viktig og meiningsfullt samfunnsoppdrag, og du blir ein del av eit kunnskapsrikt og inkluderande arbeidsmiljø. Me legg vekt på fagleg utvikling, kunnskapsdeling og kvalitet i arbeidet. Du får god opplæring og ein variert, engasjerande og lærerik arbeidskvardag.
Som tilsett i Tysnes kommune får du medlemskap i KLP - Kommunal Landspensjonskasse, med svært gode pensjonsvilkår og moglegheit for gunstige bustadlån.
Stillinga er lønsplassert i kapittel 4 i det kommunale regulativet. Ansiennitetstrinna går her frå 0-16 år. Lønna blir justert årleg gjennom sentrale forhandlingar, og somme år blir det òg sett av ein pott til lokale justeringar.
I Tysnes kan du få inntil kr 25 000 i årleg avskriving av studielånet ditt frå og med 2026.
Som arbeidstakar og busett i ein distriktskommune kan du ha rett til å få sletta delar av studielånet gjennom Lånekassen si nye ordning for distriktskommunar.
Synes du dette verkar som ei spanande stilling eller det er noko du lurar på etter å ha lest annonsa? Ta gjerne kontakt med oss som står oppført som kontaktpersonar i annonsen.
Mangfaldserklæring
Tysnes kommune ønsker å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søke ledige stillingar uavhengig av kjønn, alder, funksjonsnedsetting og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Vi ønsker å legge til rette for inkluderande rekruttering.
Annonseinformasjon
- FINN-kode 446403423
- Sist endret

